Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1965 side 24
Skriftstyrar: P. Jæger-Leirvik
Av Haakon Storøy

Tømmarhoggaren frå Høylandet som

vart vidkjent professor ved Alaska Universitet.

Professor, dr. philos. Ivar Skarland døyde nyårsdagen 1965, berre 66 år gamal. Han var da i hytta si i Rainey Ridge i Alaska og hadde høgtida det nye året saman med nokre venner. Døden kom brått, truleg var det hjarta som svikta. Eit rikt og arbeidsamt liv vart avslutta. Høylandsguten, som reiste ut i den vide verda og skapte seg eit internasjonalt kjent namn som vitenskapsmann, tok til som skogsarbeidar i Canada etter at han , som så mange andre unge i den tida, drog over til ”den nye verda”. Og livet hans minner i mangt og mykje om eit eventyr, Ikkje eit eventyr dert der allting laga seg til av seg sjøl. Ivar Skarland skapte det gjennom flit og trottugt arbeid.

Ivar Skarland var fødd på Høylandet 2. september 1899, og som alle gutar og jenter i den tid, var han med i gardens arbeid frå barndommen av. Men hugen stod til lærdom, kunnskap og utsyn. Det var i hans ungdom ikkje så mange vegar å velje mellom dersom ein ikkje hadde særskilt god råd. Å ”studere” var kostbart det. Ivar reiste til Namdal folkehøgskole og var ein vinter, og sia til skogskolen i Steinkjer, der han tok eksamen i 1921.

No var det tronge tider jamt over, og det var ikkje så mykje bruk for ein ung og dugeleg kar. Men gardsarbeid og skogsarbeid kunne ein av og til få. Og det vart det Ivar Skarland dreiv mest med i dei komande åra. Og så noko skogtaksasjon og tømmermåling når det var høve til å få slikt arbeid. Han var vel elles ikkje av den typen som gjekk og dreiv og venta på ”jobb”. Ein aktiv og ivrig kar som alltid tok seg til med noko. Og i ungdomslag og idrettslag var han ihuga medlem og var visst med mellom dei som skipa iddrettslaget ”Hållingen”.

Men det vart for lite å gjera her heime, verre og verre etterkvart i dei kriseåra som nokon kvar minnest med liten glede. Som mange andre ungdomar på våre kantar drog han over havet. I mai 1927 reiste han til Canada, for der var det lettast å få arbeid, i alle fall skogsarbeid. Og i British Columbia vart han eitt år og dreiv mest skogsarbeid. I 1928 kom han til Alaska, U.S.A. og dreiv med ymse arbeid, som tømmerhoggar, vaktar i ein dyrepark, i gruver og ymse elles.

Ivar Skarland som han såg ut da han nett var komen til Alaska og dreiv med skogsarbeid og anna arbeid.

Men hugen stod til lærdom. Og han vart med på utgravingsarbeid som ein ekspedisjon under leiding av professor Otto Geist gjorde på St. Lawrenceøya og andre øyer i Beringshavet i 1934, vart truleg kimen lagt til at Ivar Skarland slo inn på den vegen som skulle gjera han namnspurd dom vitenskapsmann med antrolopogi som spesialitet. Det vart Alaska College som vart første steget. Der var han ”bachelor of arts” i 1935 og tok magistergraden i 1942 ved Harvard Universitetet og doktorgraden ved samme universitetet sju år seinare. Han hadde da eit stort og hardt arbeid attom seg. I studietida arbeidde han med mykje og mangt om somrane for å skaffe pengar til studier om vinteren. Han var mellom anna ved museet på University og Kentucky som assistent og inspektør på dei arleologiske samlingane.

Ivar Skarland kom attende til Alaska, og i den første tida arbeidde han ute i marka med antropologiske oppgåver, og dette saman med etnografiske oppgåver ga han eit rikt arbeidsfelt. I 1940 ville Alaska Universitet ha han som instruktør (svarar vel til vårt ”universitetslektor”) i antropologi, og alt året etter vart han assisterande professor ved dette universitetet.

Når skiidrett i si tid vart innførd ved Alaska Universitet, så var det professor Skarland å takke for det – fortalde amerikanske blad. Det var ein populær idrett med harde tevlingar, men i mange år var det Skarland sjøl som tok førsteplassen, så ungdomens bragder heime i bygda var ikkje borte om tømmerhoggaren vart professor.

Link til bilde av Ivar Skarland, (Ivar Skarland til venstre)

Så kom den andre verdenskrigen også til Amerika og Ivar Skarland gjorde tjeneste i den amerikanske hæren på Aleutene i Beringshavet, som medlem av ei spesialavdeling, Alaska Scouts, men da krigen slutta kom han attende til Alaska Universitetet og vart i 1946 utnemnt til professor og var fram til døydde leiaren for det antropologiske og geografiske studium ved universitetet.

Dette er i korte drag soga om høylandsguten som vart professor. Men når ein les det amerikanske aviser skreiv om han etter hans død, så skjønar ein kor høgt han var verdsett av både dei han arbeidde saman med, og av vitenskapsmenn som hadde lært han å kjenne. I universitetsavisa ”Polar Star” skreiv universitetsrektor William R. Wood eit kjenslevarmt minnedikt om Ivar Skarland og i dagspressa var det omtaler som fortel om kor høgt han var vyrd som vitenskapsmann og menneske.

Det er godt for namdalingar å veta at søner her ifrå har skapa vyrdnad og godhug omkring den namn dei hadde med seg frå gamlelandet og heimbygda. Men det er med sakn ein står med minnet om ein god son av Namdalen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *