Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trtkk, 4480
1992
Klikk her for å lese ”Føreordet”

Tømmerfløyting i Lygna

 

Siste rapporten over tømmer som er fløytt ut dalen, er frå perioden 1911 — 1915. Det var i denne tida den nye dalevegen var under arbeid. Denne vegen gjorde landevegstransporten mykje lettare. Nå tok det og til å bli nok sagbruk oppe i dalen, til å foredle tømmeret til planker, bord og tøn-nestav.

Heilt til denne tida hadde elva vore det store transportbandet som hadde tatt seg av det meste av tømmertransporten frå Hekkfjellet og ned til sjøen. Elva var lunefull. Det gjekk ikkje an å tinge flaumen når tømmerveltene låg ferdigstabla på elvebredden. — Nei fløytinga måtte pent vente til elva sjølv fann ut at nå var det tida for ein skikkelig flaum. Det ser ut til at det kan ha blitt sein haust, og endå vinter some år, før tømmeret kom på vandring. Året 1881 har vore eit svært godt år. Då er det registrert 1197 tylvter tømmer frå Hægebostad og Eiken. Gjennomsnittsdimensjonen var 12 fots lengde og 7 tommars topp. Året etter er kvantumet heilt nede i 578 tylvter. Frå 1896 til 1900 har det vore gode år med bortimot 1200 tylvter kvart år, og endå er det trulig at opp til 1/3 kan ha gått utanom oppsamlingslensa (Berge bom).

Ennå i dag kan ein sjå innskorne bokstavar eller teikn i søkketømmer som ligg i hølane nedetter elva. Det er merka til tømmerkjøparane. I boka: «Lyngdal fra istad til nåtid», av Sigurd Eikeland, der også mange andre opplysningar er henta, blir desse tømmerkjøparane nemnde: 0. E. Spilling. — Spillings enke. — Jens Egelund Jakobsen. — Wilhelm Jensen. — Vilshammer. — Edvard Sandnes.

Fløytargjengen og vassdraget

Det var kjøparane som leigde folk til fløytinga. Arbeidet var både hardt og livsfarlig. Uniforma var ekstra lange, gode, heimesydde lerstøvlar og vadmålsklede. Støvlane måtte smørast grundig kvar kveld, gjerne med ei blanding av tretjøre, grevlingfeitt og sot, for å halde vatnet nokenlunde ute. Ein god fløytarhake hadde to kvass-slipte piggar. Ein til å stikke ut stokkar med, og ein til å hogge fast med. Skaftet burde vere fire meter langt, og av rogn eller hassel.

Fløytarlaget var på omlag åtte mann. Dei fylgde då med tømmeret frå Lygneosen og ned langs heile elva. Så sant det var råd, skulle dei helst sanke med seg kvar einaste stokken. Dagen var både lang, hard og tidt våt. Når kvelden kom, var dei komne eit stykke ned dalen, men fløytarane var velkomne til overnatting i dei aller fleste hus. Det var også dei som traska heim om kvelden og på jobb att grytidlig neste morgon. Olav Røynestøl og Olav Øysteinsland gjekk begge heim til Røynestøl og Øysteinsland kvar kveld. Når dei var lengst vekke heimanfrå, hadde dei ein arbeidsveg til fots på i alt fem — seks mil, og dette før og etter eit umenneskelig slit langs elva.

Sjølve vatnet, Lygne, er godt og vel ei mil langt og dekkjer mykje av dalbotnen i Eiken. Det er ein god varmeregulator, og har trulig namn etter at det er så lognt (rolig, stille. Jfr. Lognavatn). Så har Lygna fått namnet sitt etter Lygne, og dalen har fått namn etter Lygna. Rette namnet ville vore Lygndalen og ikkje Lyngdalen.

Om Lygne er lognt, så er i alle fall ikkje Lygna stille. Om ho kunne snakke, så kunne ho seie som Fader Martin, fritt sitert: «Her ligg eg og kan ikkje anna enn bruse». Det kan ho heller ikkje, for der er 180 fallmetrar å få unna på dei godt og vel tre mila fra Tingvatne til sjøen. Det blir ein del fossar og stryk av dette. Dei tre store er: Kvellandsfossen, Kvås-fossen og Gysfossen. For oss som lever i dag, er det eit under korleis fløytarane i ein travel sesong kunne lure 15000 tømmerstokkar gjennom opninga under Kvåssteinen!

HISTORIEN FORTSETTER UNDER BILDENE!

Kvåsfossen

Kvåsfossen. I ein travel fløytarsesong kunne der gå 1500 tømmerstokkar gjennom opninga under Kvås-steinen.
Fotograf ukjent. (Hentet fra orginalboken)

 

Kvåsfossen-II

Kvåsfossen.
Fotograf Osvald Egeland.
Les mer om Kvåsfossen:
http://www.facebook.com/pages/Kv%C3%A5sfossen-Naturopplevelser/179725968744523?id=179725968744523&sk=info

Kvåsfossen-III

Kvåsfossen.
Fotograf Osvald Egeland.
Les mer om Kvåsfossen:
http://www.facebook.com/pages/Kv%C3%A5sfossen-Naturopplevelser/179725968744523?id=179725968744523&sk=info

Kvåsfossen-IV

Kvåsfossen.
Fotograf Osvald Egeland.
Les mer om Kvåsfossen:
http://www.facebook.com/pages/Kv%C3%A5sfossen-Naturopplevelser/179725968744523?id=179725968744523&sk=info

Se videosnutt av Kvåsfossen på youtube:
http://www.youtube.com/watch?v=Ad0eCL4rc7E

Elva let seg nok ikkje lure, nei.Ho har kravd sine offer. Ved arbeidet med denne artikkelen har det kome fram oplysningar om tre som har sett livet til i fløytinga. Det kan vere mange fleir. Desse tre er:

1) Ole Isaksen, Birkeland, f. 1833 — d. 28/8 1877
2) Ole T. Vemestad, f. 1855 — d. 1904
3) Lars Karlsen Kvelland, f. 1872 — d. 5/12 1913

Vi skal ta med ein del oplysningar og minner som har samband med desse tragiske hendingane.

1)
Tradisjonen seier at det var i Kvasfossen Ole Isaksen drukna. Desse versa er skrivne om hendinga:

En ulykke i Kvåsfossen

En morgen solen skinte
og lyste klart og mildt;
den dalen snart oppvarmet,
hvor alt var tyst og stilt.
Til arbeid så man reiste,
hver til sitt virkefelt,
og ingen mann der visste
hva dagens saga blev.

I dalen elven renner
mot sjøens salte vand,
og fører hva som flyter
fra bekker og fra land
med seg på sine veier
fra stup og fossefall,
og mangt den tar i eie
som i dets vann har falt.

En morgen noen reiser
til dalens største foss,
som man Kvåsfossen kaller;
Gud hjelpe her nu oss.
Til et så farlig arbeid
man bruke må forstand,
for tømmer har seg lagret
på fossens bratte rand.

De ut på brotet kommer
og løser der en stokk.
Alt utfor fossen ramler
i land de springer fort.
Men en — o, hvilken jammer;
de ser ham etterlatt,
han holdes fast av tømmer
og er nu rent forlatt.

Han under vannet dukker,
men skyter opp igjen,
som et farvel vil sige
og dukker så igjen.
De ser ham ikke mere,
av tømmer skjult han blev.
I våte grav han gjemmes,
hans timer ble ei fler.

De etter mannen leter
i elvens dype vand,
for legemet at bringe
opp på det tørre land,
på kirkegården settes
iblant hans folk og slekt,
men ennu ei det lyktes
og tiden skred så hen.

Og måneder var gåen
etter den tunge dag,
da hørte man fra tårnet
det ringte, slag i slag,
den døde mann var funnet,
til graven bæres han.
Og der til ble han hentet,
nu trygt han hvile kan.

Av dette kan man lære
at livet er så kort.
Å vel for den som ære
av Herren rett bekjent,
han kan gå død i møte
til hvilken tid og stund,
og får et herlig møte
når døden han ble unt.

 

2)
Ole T. Vemestad drukna i Kvellandsfossen. Fløytarlaget hadde mat-kvild ovanfor fossen, og sat eit stykke frå elva. Ole var ivrig og hissig i arbeidet, og gjekk ned att til elva før dei andre. Då dei kom ned, var han vekk, og det lykkast heller ikkje for fløytarane å finne han.

Men han blei likevel attfunnen, og det gjekk slik til: Dotter til Ole tente på Bringsjord. Der går elva i ein lang sving framom gardane. Her ved elvebredden stod vaskegrytene, og her kokte og skylte dei kleda. Dottera skulle ned hit eit ærend. Då fekk ho sett noke underlig ute i elva. Ho vassa då ut, og fann far sin. Ole hadde før vore sjømann, og som mange andre av desse, hadde han ein gullring i kvart øyre. Ein av desse var sliten ut, men den andre var på plass då dottera fann liket på elvesanden. Denne ringen fylgde henne seinare. Dei som har besøkt henne i USA etter krigen, har fortalt at ringen hadde plassen sin i stova og fartalde framleis sin same tause historie.

3)
Den siste drukningsulykka hende ved fjellknatten i elva rett ned for det gamle skulehuset på Hægebostad, og like nord for brua som går over til Høyland/Skjeggestad. Det var Lars Karlsen Kvelland som drukna her. Folka i huset der han hadde overnatta, har fortalt at før han reiste om morgonen, hadde han hatt si andaktsstund med bibelord og bøn.

Både denne og dei andre ulykkene skjedde nok helst når tømmeret hadde sett seg i ”brote” — sett seg fast i ein vase. Då var det det gjerne ein stokk som måtte hoggast av for å få løyst broten. Når denne bindstokken brast av, ja, då galdt det liv eller død for fløytaren. Det er sagt at Lars Kvelland
brukte båt, og at båten tørna mot brukaret. Kan godt hende det har gått slik til då broten losna.

På loftet i gamleskulen på Hægebostad var der i 1930 åra ein underlig tingest av jern stukken opp under ein bjelke på loftet. Dette skulle vere til å sokne med i elva etter folk som hadde drukna. Dette har sikkert vore i bruk då dei sokna etter Lars. Under sokninga drog dei i land ein eller fleire kornsekkar frå elvebotnen. Dette har nok vore korn som skulle bløytast til brygging av juleølet. Så har flaumen reist med sekkane.

I «Koddehylen» mellom Høyland og Skjeggestad fann dei liket. Det var Ole Øysteinsland som køyrde Lars den siste turen heim til Kvelland. Den døde var plassert framme i karjolen med ei randlete, heimevoven dyne over. Ole sat bak og køyrde. Her er ennå i dag folk som minnest denne skyssen ut dalen.

Dette var litt av historien om tømmerføytinga i Lygna. Det meste er nok gått i gløymeboka. Vi nåtidsmenneske har godt av å sjå bakover av og til. Dei som levde før oss hadde det alltid strevsamt, og ofte gjekk det «på livet laust.» Men ennå suslar elva i stille sommarkveldar og spelar opp til dans i vår- og haust-flaumar. Ingen tømmerstokkar dansar lenger etter musikken. Likevel spelar elva heilårssymfonien sin for oss andre. Det får ho vonlig lov til å gjere ennå i mange hundre år — om verden står. Og nye slektledd skal leve etter oss i denne dalen som vi alle elskar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *