Internt referansenummer: 15.04.2009 – A
Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

Tømmerkjørarane på Meholta

Det var stor tømmerdrift oppi Kårøydala ei tid. Og somtid var det utabygds kjørarar der òg. Ein vinter låg det nokre slike karar i ei koje oppmed Meholten. Desse karane var retteleg hardhundar med hestane sine. Stygge var dei til å kjøre om dagen, lesste store lass og banka hestane. Og enda verre var det at dei slo hestane innpå stallen om kveldane, når dei hadde vore trolle om dagen. Men dette vart det slutt på da det lei utpå vinteren. Ein kveld da ein av karane skulle ned i stallen og slå hestane, flirte det så uhyggeleg oppå stallemmen. Da torde han ikkje anna enn gå inn att, og hestane fekk fred.

Det er fortalt at dei for stygt åt med maten òg, desse karane. Dei kasta kaka når ho var halveta, seier gamalt folk. Så det var vel nokre ravabjørnar på alle vis. Så ein kveld dei låg oppå kojelemmen, kom det ein kakeskalk sendande oppå åt dei. Ei stund låg dei og pønska på kven det kunne vera som hadde kasta skalken, men til slutt tok ein av dei og kasta han ned att. Om ei stund kom skalken opp att, og det heller skartvore. Da skjøna dei at det var tufsane som kasta. Og redde var dei. Men ingen ville vera ved at han var redd. Det vart da til det at dei kasta ned att skalken denne gongen òg. Men da kom han att så skart (skarpt) at ingen torde ta i han meir.

Mange år etter at desse tømmerkjørarane hadde reist sin veg, kunne folk høre at dei slo i tømmerpjaksar og hauka og skreik oppi lia, nett slik som det hørtes da dei dreiv og torniserte oppi der.

Johan Lomundal, gift med Guri, bode i Vasslia, men oppvaksen i Orkdalen, f. 1876

 


 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.