Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tømmerkjurarar såg tussar.

På same garden, som framleis ligg aud, har tømmerkjørarar sett tussar i seinare år. Det er god skog under Fossen, og det vart drivi ut mykje tømmer i Fossenskogen. Kjørarane tok ut tidleg ein morgon. Det var sprettande kaldt og månen skein. Dei kom over elvaisen og kjørte frametter mot den gamle garden. På sletta attmed elva var det sagt at tussane hadde dansemoro frå gammalt, og der på sletta fekk karane sjå ein  tusshop som heldt kvarandre i hendene og dansa rundt. Dansen likna mykje på folkeviseleik, men så fekk vel tussane sjå karane og hestane, og dei vart søkkt borte. Det var ikkje far å sjå i snøen etter dansen, men sjøl hestane hadde spissa øyro og sett etter den underlege dansen. Alle kjørarane hadde sett dansarane.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *