Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden

Tømmerkøyrarane på Gavlesjåstulen…

 

Nils_Kultan_med_hest

Nils Kultan på veg til Høllen i 1936 med kløv.
Ukjent fotograf.

Straks før jul, året 1901, kom det uvanleg mykje snø. Nede i bygda kom det omlag ein meter, og oppe i åsane og innover Lifjell langt meir. Dette snøfallet har sett seg fast i folks minne, særleg på grunn av at det da låg fire tømmerkøyrarar med tre hestar på Gavlesjåstulen. Det var nok ille for mange andre også ved dette snøfallet. Det er fortalt at somme måtte vasse i snøen med ei granbuske i kvar hand for å halde seg oppe, — men verst var det nok likevel for desse fire inne på Gavlesjå. Snøveret tok til den dagen dei hadde tenkt å dra heimover. Utover ettermiddagen tok det til å snø tett. Dei slutta med hogging og køyring og kom seg tilbake til bua. Snøveret stod som ein vegg, og dei syntest det var uråd å gje seg i veg i slikt ver. Det var betre å sjå på det til morgondagen.

Det var fire karar som heldt til der inne: Olav L. Aase, Anund Ufs, Sigurd Kultan og sonen hans, Nils. Nils var bare 16 år gammal. Han var med og køyrde tømmer medan far hans hogg. Dei tre eldre kom seg inn i bua og fekk hestane under tak. Dei hadde dei med seg inne. Det var ingen annan stad å ha dei. Men Nils tok seg ein skitur. Dei hadde telgt til ski av to tyristokkar, og dei var ikkje så aller verst heller. Han gjekk oppover dalføret mot Høllén, og kom så langt som dit granskogen slutta og fjellbjørka tok over. Da tok han på nedtur att, det var ikkje klokt å gå for langt i slikt ver. Han vart var fire-fem elgar som hadde søkt ly inne i tjukkaste granskogen. Da han kom ned att til bua og fortalde dette, vart det ikkje så lite snakk om elgsteik. Det kunne nok ha smaka. Du får legge deg tidleg i kveld, du Nils, sa dei, det er mogleg du må ta deg ein tur ned i Armotdalen og låna børse i morgon tidleg. Det var vel halvt spøk og halvt alvor. Og Nils la seg tidleg. Dei andre hadde litt å gjera med å stella i stand reiskap og slikt, men dei korn seg da til ro etterkvart.

Dei stod tidleg opp neste dag. Det var best å koma seg i veg frå morgonen av. Men det var eit uventa syn som møtte dei. For det fyrste gjekk ikkje døra opp. Dei skuva og sleit for å koma seg ut. Hytta var mest nedsnødd. Dei måka ifrå og kom seg endeleg ut. Snøen var manns-høg omlag. Det var ein uventa situasjon. Men det var ikkje anna å gjera enn å kome seg i veg nedover til Grønbygjil. Mellom Gavlesjå og Grønbygjil er det sommarstid omlag ein times veg. Men no vart det anna. Det var ikkje greitt å finne rette leia heller, det var så snøtjukt og forandra alt saman. Men Nils Kultan meinte han var sikker på retningen, og dei tok i veg. I førstninga freista dei å køyra hestane føre. Det gjekk eit stykke, men snøen stod opp mot ryggen på dei, og snart stod dei. Dei gav opp, makta ikkje meir. Så måtte karane føre. men det var nærsagt som å symja i snø. Dei måtte måka og statråkka lange stykke. Det gjekk ikkje fort, men dei seig da framover smått om senn. Men dagen og dagsljoset gjekk fortare enn dei. Det tok til å kvelda, og enno var dei ikkje komne ned til Grønbygjil. Omsider stod dei ved dei tunge bakkane nedanfor stulen. Ein av dei eldre heldt på å gje opp da. «Eg synest eg ser stjerner blinkar for augo», sa han. «Og så er eg så uhyggeleg tyrst, eg et og et snø, men det hjelper ikkje». Det var med nauda dei fekk han med seg det siste stykket. Så kom dei endeleg i hus på Grønbygjil, men da leid det mot midnatt. Hestane tok dei med seg inn, to plasserte dei i mjølkebua, og ein hadde dei inne. Dei hadde da kome seg i hus, våte og forfrosne etter umenneskeleg slit. Dei fekk opp varme og freista å tørke kleda. Det var ikkje så verst enda, litt niste hadde dci og att. Men det var verre med hestane. Nils Kultan hadde tatt litt høy med frå Gavlesjå, men det var altfor lite, hestane åt til og med granbar. Det vart heller ikkje svevn denne natta. På morgonsida strauk Olav L. Aase på ski nedover til Løkjin (vanlegvis 1/2 times veg) og ville henta høy til hestane. Etter fleire timars slit kom han att med to sekkar høy. Der nede ein stad hadde han og komi i kontakt med hjelpemannskap.

Nede i bygda gjekk bodstikka. Det galdt å koma desse fire til hjelp, 25-30 mann tok i veg oppover, tråkka og måka seg innetter Årmotdalen. Det såg ikkje ut til veg heller, det var meir som ein kanal i snøen. Olav L. Aase skulle ha vore uvanleg sterk, men dette hadde visst blitt litt for mykje for han. Fyrst turen frå Gavlesjå til Grønbygjil, så ei svevnlaus natt før turen til Løkjin etter høy. Da det leid på, drog dei vidare nedover. Denne dagen kom dei til Løkjin og slo seg til der. Det var ingen fare no lenger. Det hadde kome hjelp nede frå bygda. Neste dagstur gjekk til Tangen, eit stykke ute i Årmotdalen. Men Olav L. Aase slo seg ikkje til ro med det, er det fortalt. Han ville likså godt ta turen heim med ein gong, enda det heller ikkje var nokon springandes veg i slikt føre. Men han skulle visst ha vore meir enn sliten da han stod ved dørstokken heime. Det var no heller ikkje å undrast på. Fyrst slitet frå Gavlesjå til Grønbygjil, så turen til Løkjin etter høy i eitt strekk, så å seia. Dei andre kom ned til bygda neste dag. Men det var heller ikkje så rart med vegane der. Nils måtte ha hesten sin på Eika eit par dagar, det var ikkje farandes veg heim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *