Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Ton i Nesgjeld

På To’n i Nesgjeld sit ei gamal ætt. 10-11 ættledar — son etter far har site på garden etter kvarandre og alle har heitt Ola Olson. Det står ei gamal stugu på To’n. På ein stokk i gangen er innhogd årstalet 1688. Men dette årstalet er truleg sett på då inngangsdøri til gangen vart flytta frå langveggen til tverrveggen. Bygget ser ut til å vera eldre. Stugu er innreidd som ei hallingstugu frå forntidi, soleis er det ein lang benk rundt stugu, denne benken ligg heilt nede på grunnmuren og dette tyder på at bygnaden høyrer forntidi til.

Soga segjer at tømmeret i stugu er hogd nede på jordet ned for stugu, og her er svert bratt. I taket er berre ein ås — møningsåsen, som er 16 alnir lang og 20 tumar tjukk. Ein Ola Olson bar denne stokken på aksli upp dei bratte bakkane. Då han kasta han ned ved tømra, sa han: «Au, du var tung, du!» Tømmeret i veggine er endå sverare enn møningsåsen. Midt over stugu ligg det, som vanleg i hallingstugu, ein tverrstokk frå vegg til vegg, som kallast kruna. I denne kruna i To’n er det mange hogg etter heltydnor eller handøks. Desse innhogg kallast for brurahogg. Det var vanleg i Hallingdal i gamal tid, når brudefylgjet var kome frå kyrkja og sat ved brudlaupsbordet, at kjempekarane i laget reiste seg og drakk ut ein stor ølbolle eller trøys til ære for bruri, og jamt gav dei ein eller annan lovnad ved eit slikt høve. Og når skåli var tømd og lovnaden gjeven greip han etter heltydno og «blesa kruna» (gjorde, med spenning av alle krefter, eit hogg i kruna). Dette kallast brurehogg og skulde stå der som stadfesting av lovnaden. I kruna i To’n er det mange slike — brurehogg.

Ein gong budde det ei vidgjeten kjempe her, som kallast To-kjempa.

Samstundes budde det ein kjempekar på Gudbrandsrud i Rukkedalen — Gudbrandsrudkjempa. Desse karane var sjågrannar, d. v. s. gardane låg nok langt unda einannan, men elles slik at dei kunde sjå til kvarandre. Og det å vera sjågrannar var i gamal tid mest like grumt som å vera systkinbarn, og sjågrannar bad kvarandre jamt til gjestebods.

Sjågrannane i To’n og Gudbrandsrud var godvener og vitja jamt kvarandre. Ei jolehelg var Gudbrandsrud’n i gjestebod hjå To-kjempa, dej drakk mykje og sterkt øl — brennevin var truleg ikkje vanleg vare i dei dagar. I fylla vart kjempekarane usams og gjekk på kvarandre med heltydno.

To-kjempa hogde best frå seg, og Gudbrandsrud’n smatt til ut i kleven. Med det same han fór på døri var To-kjempa etter han med heltydno atter, men han heldt for høgt og hogget fall i stokke¬faret over døri. Det vart eit djupt hogg, som syner enno. Han Ole To’n som sit på garden no, har rettig nok laga um denne kleven noko og saga ut denne stokken for å få inn ei høgare dør, men han har teke vare på stokken, og hogget syner, som sagt.

Ein gong rauk dei i unåde att, desse kjempone, ved Neskyrkja, då kyrkjelyden var samla i kyrkjestugun etter messa. Gudbrandsrudkjempa måtte undan og kom seg uppå ramen — eit halvloft over bjelkestugu, men endå hogg To-ingen etter føtene hans der uppe på ramen.

Og so held Mehlum fram (side 86 i «Hallingdal og Hallingen».):

«Jeg glemmer aldrig det stærke Indtryk, de første Ugers Ophold i Hallingdal gjorde paa mig. Sproget med sit stærke Oldtidspræg, Husenes Indredning som senere bliver skildret, det at blive buden stærkt hjemmebrygget øl i gammeldagse Boller, Dragterne, alt bar Præg om hævdet Arv fra gamle Fædre. Spesielt husker jeg ogsaa den kveld paa Thon, da Manden der, Ole, sad ved Peisens flammende Baal og som en bedaget Saga-bonde fortalte mig Sagn efter Sagn. Da jeg skulde gaa til Sengs i den nye Stue, flammede det et stort Baal af Stokkeved paa Peisen der, jeg stængte Døren med et hallingdalsk Laas. Dalen laa nedenfor Gaarden og Lien, og hinsides Dalen var der en dyster, tungt susende Granaas, over hvilken Fuldmaanen steg op og kastede sin klare Glans over den mørke skog og Vaarnattens dunkle Skumring».

I alt er det 16 hus hjå Ola To’n berre heime på garden. Med stølsbuer og utløor i åsen har han 50 — talet fullt. Når ein ser alle desse hus, kjem ein gjerne i hug skildringi av ein norsk gard i sogetidi:

«På ein stor gard var det til vanleg mange store og små hus», heiter det. Loftet eller stolphuset i To’n er ogso svert gamalt. På ein stolpe står det:

«IEG. ER. ET. VENT».

Dette må anten tyda: «Jeg er et vent (Hus) eller: «Jeg er ret vendt», so punktet øvst i lina skal tyda at R’et skal lesast to gonger. På loftsveggen er festa ein bjørneskott og ein bjørnelabb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *