Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Tonnepall

u/Tubås (75 – 3)

(Husmannsplassane på Vestsida i Heddal og innover mot Lifjell)

TONNEPALL u/Tubås 75 — 3. Plassen er ikkje nemnt i folketeljingslistene i 1801. I kyrkjebøkene er plassen nemnt i 1736. Michel Johansen Tonnepall gifter seg det året med Bergit Halvorsdatter. Den 20/7 1758 gifter Michel Johannessen seg andre gong med Marjet Johnsdatter. Michel skal ha hatt ein nokså spesiell bakgrunn. Det skal ha vore ei taterkjerirng som la han att i Bråbekk, ein plass under Sauar i 1720-åra. «Sitt nå der, du vesle Mikkel Johannesøn min — til jeg kommer igjen»! skal ho ha sagt. Men kjerringa kom aldri att. Michel Johannessøn skal ha vore soldat før han gifte seg. Han budde på Tonnepall under Tubås. Han gjekk under namnet «Lugar-Mikkel». Her er ei rispe etter Michel: «De va ein vet at isen låg tjukk på Tubåshølen, o eg sku høgje hål fe at kjæringa konne vaske dær. Da jekk øksa ta skjefte o for ne’i høl’n o bole va ho. Eg tenkte eller at eg sku sjå ho meir, o de va harmelegt fe de va ei øks som va lagleg og gvass, o måkån hae eg eller hatt, o de va lita von om å få att ei slik ei. Så va det nokka år ette dettan. Eg sat ein kvell ne’ve vaskeplasen o fiska. De va nokko lumre i lufta o fisken beit kleint. Eg sat mest o hælvsov da eg kjende det rykte i stongja. Eg blei vaken, men eg styrde meg så fisken konne bite seg gått fast. Så drog eg upp, fisken sprisla, men de va nokko me som va tongt så eg rykte te. Men da jekk snøre tvert a’ o elt flaug upp i ei rein bak meg. Eg jekk upp, o hått fekk eg sjå? Dær låg det ein jåså me kløyvd skelle, o dær låg fisken — ein par mærkar tenkjer eg, o dær låg øksa mi. Eg sto nå dær o lura på håss dettan ha jinji fe seg, men så kom eg te de at fisken måtte ha smotte jønom sjeftehole ette den ha bite på makken, o så fåldde øksa me da eg drog upp, o øksa ha råka jåsån som hae sotte i bakken bak meg. Nå rusla eg heim me øks o jåså o fisk, o slengde elt sammen på gålve. Hær kjæring, sae eg, slik jeng det når ein ha tur, o eg jore ett kast på meg. Kjæringa måtte le ho au — ho som så jemt va grinutt o sur». Michel Johannessøn bruka å slutte sine rispur med: Dettan e så sant som eg heiter Michel Johannessen o bur på Tonnepall i Heddal Præstejell! Michel Johannessøn døde i 1790 åra

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *