Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Toppa kyrne

I Oppdal hadde dei gamle ei sers verksam råd til å få innkjøpte dyr til å trivast på den nye garden. Det galdt å få dei trygge og å få dei til å gå heimatt.

Mange var utsette for at slike dyr trådde heimatt til den gamle heimegarden.

Dette motverka dei med å toppa dyret. Toppinga gjekk for seg på det viset at dei tok ei saks og klippte hår av nakkekulen på dyret. Desse håra strøydde dei så i nakken på bjøllekua.

Da skulle dyret halda seg til bjøllekua og aldri gå bort ifrå buskapen.

Dette er kjent også i Soknedal og i Støren.

Ei gammal kone i Støren fortalde at ho hadde sjøl gjort dette med mang ei ku.

–    ”Det va om å gjårrå å hy døm te gards,” sa ho.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *