Internt referansenummer: 01.10.2010-A

ilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Tore Hestmarka

 

Han Tore høyrde til innflyttarane i bygda, var fødd i 1817 i Innset, kona hans, Ovedia var frå Vardal. Han hadde ein liten plass: 1 ku, 1 kalv, 10 sauer. Og så hadde han arbeid på garden Argård, hos han Kristian. Høy fekk han ta ute i Sandvasslia, på vestsida åt Øyenskavlen. Å, han var sterk som ein bjørn, han drog høylassa over fjellet! Men han var ikkje tung som ein bjørn — han sprang så lett som den finaste ridehest. Han hadde sela på hesten åt husbonden ein dag, og han sat i karjolen ferdig til å køyre nordover til Åsneset. — Hei, Tore! sa husbonden. — Skal vi kappkøyre? Ja, eg køyrer og du spring. Lat oss sjå kven som kjem først på Åsneset? — Eg kan da ikkje kappkøyre med husbonden, sa Tore. — Jau, kom! sa han. Og smelte med svepa. Og så for han. Tore sto litt og tenkte, så kom han og. Og den som var først på Åsneset var han Tore.
Han var ikkje redd husbonden. Ein dag dreiv han og han Andreas, naboen, og leste stein nedpå garden. Så kom husbonden der og sto og såg på dei. Han syntest det gjekk for smått, og det sa han. Rettare sagt: han skjente. Han Tore berre gløtta til sides bort på kameraten: — Bi du redd, Ænndreas? sa han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *