Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Tore Korshus


Han Tore var ein rugg som var namnspurd både for styrken og storleiken.

Far min og han Mikkel Vorkinsli'n gjorde klæde på han ein gong. Da frakken var ferdig, tok Mikkel han på seg. Så gjekk han far inni, og enda dei var to karar inni, fekk dei enda knept frakken att.

Det kom ein gong ein sterk kar åt Korshus og vilde prøve styrken hans Tore. Det var ein slik ein som for i bygdom og spurde upp dei sterkaste, og bau' seg fram til å prøve kem som var sterkast. Det var um kvelden han kom, og han bar straks fram ærendi si. Da sa han Tore:

– Oss vørde vel ikkje og dregst, oss kan prøvast på inkort anna. E' ha' ein timberlunne e' skul' havt heim. Oss kan bera heim den, så kan oss vel sjå kem som orka mest.

Jau, så gjekk framandkaren med på det. Morgon' etter skulde dei til å bera timber. Da dei kom åt lunna, var det ein ruven stokk dei skulde ta fyrst, ein i kvar ende. Så sa han Tore:

– Du vel tåkå rote, du, for du er vel nogo-mykje sterkar' enn e'.»

Og så hjelpte han til å leggje uppå han rotenden, men kjempa bogna i kneom, så han laut sleppe stokken. Da sa han Tore:

– Så fæ vel e' tåkå rote, da, og du toppe.

Dei la da rotenden på han Tore, og hin tok toppenden, og slik bar dei heim lunnen. Framandkaren vart der i mange dagar, og da han skulde fara vidare, sa han Tore åt kjeringen:

– Du leggje godt i skreppa, for han er visst fotveik.

Ein gong var han Tore åt Trondheim. Han hadde 3 tynno korn på lasset. Det var um våren, og elve hade teki brue over Rådåe. Han sprette frå gampen og vilde få nokon av fylgjet til å trille kjerra burt på kanten, så han kunde få ho på ryggen og bera ho over. Men fylgjet tykte det kunde ikkje gå an.

– Jau, berre trille ho utpå, døkk,» sa han Tore.

Da tykte dei det kunde vera artogt å sjå kor det gjekk og trilla kjerra utpå. Og han Tore fekk ho på ryggen og bar ho over med korntynnom på, og svinga ho inn på landbakken på andre si'un. Etterpå leidde han gampen over, lyfte framføt'n uppå landkanten og ytte så bakenden etter.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *