Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Tore Olson Mebust


Tore Olson Mebust var ein kjend bjørneskyttar i Stordalen i fyrre hundraåret. Han var fødd 1800 og gift kring 1825.

Ein morgon fyre jul, skulde han køyre eit høylass til ein husmann som var i fornaud alt so tidleg på vinteren.

Hunden var med og sprang jamt fyre hesten. Millom Holt og Øvrebust sprang der upp to gråbeinar og treiv hunden millom seg og reiv han sund. Tore kunde ikkje sleppe hesten som vart so redd at han skolv og berre frøste gjenom naseborene.

Ein sumardag kom alle hestane laupande or marka og ned i trøa på Mebust. Den store, blakke fylmerra hans Tore vanta. Folk skena grunnen. Udyr. Tore fòr avstad.

Han hadde drengen med. Dei gjekk Rikembotnen til Ryggen. Der stod merra med fylet under halsen. Ho skolv og var takskjerr. Kring henne var ein svart uppsparka ring.

Det var anten bjørnen eller vargen som hadde gjort åtak, men den staute merra hadde berga fylet og seg.

Ved Lars 0. Midtbust. Stordal 1939

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *