Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Tore Øver-Hjeltar


Ein sommar skulde han Tore Hjeltar uppi fjelle og hente heim øyken åt slåttonne. Um morgon da han tok i vegen, var det fint ver, men da han kom inn i fjellet, skulde han kvile og sjå seg um, og da kom skodde veltande så stinn og tjukk at staven sto ti'n da han sette han frå seg. Han tykte han vilde gå lite til og finne seg eit godt ste å kvile på til skodde bles burt att. Da visste han ikkje orde tå det før han stupa over noko mjukt, og da han fekk set seg for, så var det Kjekaraua som låg der og kvilde. Han fekk Raua på føt'n og steig uppå ho, og da fekk han hugu så vidt over skodde, så han såg framover, og da fekk han sjå ti øyro på ein øyk til, og da han kom burtåt der, var det hans eigen øyk som sto der. Så letna skodde, og han kom seg vel heim att den dagen.

Verre gjekk det nok med han Tore åre etter, da han skulde hente heim øyken til onne. Da han reiste heiman, var veret vakkert, men han kom ikkje langt inn i fjellet, før skodde kom over han, men ikkje fullt så tjukk som åre før. Han meinte å setja seg på ein stein og kvile. Men da han vel hadde sett seg, vart det levande det han sat på. Det var ein reinsbukk, og han spratt i veret og la på flog så kvast at det var berre så vidt han Tore fekk gripi tak i horne, så han ikkje datt tå. Og nordover fjelle bar det. Da dei for over marknadsvegen, skulde han Tore snu på hugu og sjå etter um det var folk på vegen, men da flaug rauhuva tå 'om. Da dei var komne nordi Føysfjelle, tok bukken til å trøytne, så han Tore kunde sleppe horne med eine hand'n og få tak i tollkniven. Og så skar han av nakke-seno på bukken så han stupte. Han stakk i hel bukken og flådde han. Så lema han sund skrotten og balla kjøtet inn i hu'e og slengde børe på ryggen og gjekk ned på Billingje og vart godt motteken um kvelden, for han var nok godt kjend ved ei budeie der.

På den ti han Tore livde, var det berre ei bjørk på Ramstadstrond'n, men ho var nå så stor, da, at det kunde sitja sjau kara uppi der og gjera solve, utan at dei såg einannan, og den øvste var så høgt at han kunde halde matmål med døm uppigard Sulheim.

(Millom Ramstadstrond'n og Sulheim ligg Lomseggje, som er 2061 meter høg.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *