Internt referansenummer: B-28.06.2013
Kilde:
LENSMENNER I ROGALAND
Av: Torkell Mauland
IV JÆREN
PRENTA I STAVANGER AFTENBLAD
1926

 

Torgeir Rasmusson Sola (Lensmenner i Rogaland)

(SOLA SKIPREIDA)

 

Torgeir Rasmusson Sola var lensmann 1635-1658. Fyrste gong han var lensmann på eit ting, var 4. mars 1635. Han var strandfut 1660.

Olav Øystre Bore hadde kalla lensmannen Torgeir Sola ein lygnar og tjuvetrekkjar. Det var paa Hålands kyrkjegard, og mange folk umframt presten hr. Bertel Jakobsson hadde høyrt på det. Fyr dette vart han stemnd til tinget 1643. Olav Bore kom då med ei stemning på lensmannen, at han hadde yverfalle honom med hådlege ord og sagt at både han og sønene hans var skjei-mar. Dei mennerne som skulde vitna dette, hadde ingen ting høyrt, og Olav Bore vedgjekk at han ingen grunn hadde fyr det som han hadde sagt. Dei vart forlikte på den måten at Olav Bore skulde taka i seg att det som han hadde sagt, og gjeva Torgeir Sola 3 dalar i kost og tæring.

Torgeir Rasmusson Sola hadde fest eit bruk i Sola til 5 vætter såd; det var Olav Sola som gav det upp. På tinget 9. februar 1620 var han i trætta med Margit Sola, kono hans Olav, um dette bruket. Det vart dømt at Torgeir Rasmusson skulde hava garden.

Torgeir Rasmusson var son til Rasmus Sveinsson Søre Kolnes. Njell Røyneberg, Eivind Kolnes og Omund Helland var brørne hans, og Ivar Sømme, Lars og Njell Kolnes var gifte med kvar si syster.

I 1645 vart han uppsett i «hovudskatten» med kona og 2 drengjer. Han var gift med ei enkja «Ollo» (Olaug?) Utsola; med henne fekk han livs-feste på 2 pund gods. Ho hadde ei dotter som var gift med Mogens Utsola. Otto døydde fyre 9. desember 1653. Då stemnde Mogens Utsola honom fyr 1/2 pund som han visste at ho hadde etla dotteri. Men retten kunde inkje gjera med dette, når ikkje ho hadde gjort det medan ho livde.

1638 laut Torgeir Utsola bøta 1 rd. av di han hadde støytt Eirik Joa medan han stod fyr retten. Men dette er visst ikkje lensmannen; for han budde ikkje på Utsola.

På lagtings-stovo i Stavang 23. mai 1657 vart det ende på ei sak som hadde vore framme mange vendor. På skipreidetinget i Sola året i fyrevegen i stova åt lensmannen hadde det vore dragsmål millom Jens Nielsson på Madla og 4 menner: Omund Helland, Olav Tjelta, Odd Hellestø og Olav Torgeirsson (son til lensmannen). Dei hadde havt Jens Madla under seg ymse gonger og ropte alle: «Sloa Madla-Jute!» Um morgonen baud lensmannen forlik; men det vilde Jens ikkje taka imot. Då hadde lensmannen sagt: «Gjer som du vil då, din kjeltring». No hadde Torgeir Sola vore hjå lensherren Henrik Below og fenge eit brev på at han, so ravgale som dette var, kunde semja seg med Jens Nielsson, «min tenar» på Madla. Men i brevet fekk rett lensmannen vita at det ikkje var ein liten ting å gjera ein tenar til lensherren åfått på nokon måte. Han skulde lata Jens få ein hest som var god til 8 rd., og aldri sidan gjera lensherrens folk til meins på nokon måte. Dei andre fire skulde gjeva Jens Madla 4 dalar kvar og bota til kongen 8 ørtugar 13 mk. sylv kvar, Odd Heilestø dertil serskilt fyr «knivdrag» etter logi; for han hadde havt kniv i hand.

Torgeir Rasmussen Sola budde på ei kongsjord. 23. juni 1656 søkte han um at Olav Torgeirsson, den einaste sonen hans, skulde faa bu på den same jordi i si livstid. Garden låg i ålmannvegen, og dei laut taka imot ferdafolk anten dei kom sunnanfrå eller nordanfrå. Av den grunn hadde Torgeir lote kosta mykje på husi. Severin Persson (Godsen) i lensherrens fråvera talde til at han fekk det som han der søkte um.

 

Til Sola skipreida vart rekna 1661:

1.     Sola (Kyrkje-Sola), 6 pund korn; Håland nr. 14.

2.     Ølbør, 4 p. 3 vætter k.; Håland nr. 20.

3.     Utsola, 3 p. k.; Håland nr. 16.

4.     Tjora, 9 1/2 p. k.; Håland nr. 10.

5.     Nordre Kolnes, 5 p. 1 v. k.; Håland nr. 11.

6.     Søre Kolnes, 5 p. k.; Håland nr. 13.

7.     Sveinsvoll, 4 1/2 p. k.; Klepp nr. 49,

8.     Heigre, 4 p. k.; Høyland nr. 54.

9.     Byberg, 4 p. 1 v. k.; Håland nr. 25.

10.   Sømme, 6 p. 1 v. k.; Håland nr. 15. Herunder Fylevoll (?), 1 v.
        k. (øyde); no Fuglavik, Håland nr. 15,6?

11.    Tjelta, 3 p.3 v. k.; Håland nr. 28.

12.     Håland, 4 p. k.; Håland nr. 21.

13.     Myklabust, 6 p. k.; Håland nr. 3.

14.     Jaasund, 3 p. k.; Håland nr. 1. Herunder Meland (øyde), 1 v. k.; Håland nr. 2.

15.    Rekje, 3 1/2 p. 1/2: v. k.; Håland nr. 17.

16.    Meling, 3 p. k.; Håland nr. 5.

17.    Haga, 6 1/2 p. k.; Håland nr. 6.

18.    Dysjaland, 2 p. 1 v. k.; Håland nr. 27.

19.    Store Risa, 2 p. 3 v. k.; Håland nr. 7.

20.    Helland, 2 p. k.; Håland nr. 24.

21.    Rott, 2 1/2 p. k.; Håland nr. 12.

22.    Gimra, 2 p. k.; Håland nr. 29.

23.    Hugstad, 1 1/2 p. k.; Håland nr. 9.

24.    Vigdel, 1 1/2 p. k.; Håland nr. 22.

25.    Hellestø, 7 p. k.; Håland nr. 23.

26.    Meland (store), 1 p. k.; Håland nr 4.

27.    Litlaland, 3 1/2 v., k.; Håland nr. 19.

28.    Klingshei, 1/2 p. k.; Håland nr. 18.

29.    Harvaland, 1 v. 2 spann k.; Hå-land nr. 26.

30.    Litle Risa, 1 v. k.; Håland nr. 8.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.