Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Torjus i Lia

Torjus i Lia var ein av dei mest kjente kvakksalvarane på Sørlandet. Han var son til Ole Torjussen og Torgier Bergsdatter. Ole Torjussen var født på Klungland i 1745. Torgier kom frå Håland i Hægebostad og ho levde frå 1743 til 1795. Ole og Torgier kom til Lia i Hægebostad. Her blei sonen Torjus født.

Dei hadde og ei datter som heitte Asjer (1766-1828). Ho blei gift med Ola Kjølsen Vatland (født Steinsland). Dei kom til Austre Sandvatn i Kvinesdal. Asjer er mi tippoldemor. Torjus var født i 1775 og han levde til 1832. Han var gift med Inger Marie Iversdatter Kollemo (1780-1836).

Torjus i Lia var ikkje stor karen før dei visste at han hadde uvanlige gode evner. Mora hadde fanga den uvanlige «Vitormen».

Denne kokte ho i gryta. Så flaut den første dropen opp, og Torjus var snar med skeia og fekk smetta han til seg. Dermed var det gjort. Ei stund etter var han med mora ut i floren. Då sa han: «Den kalven som kyra får blir stut». Det slo til. Då skjønna mora at guten var blitt synsk.

Torjus og nokre karar sat på Hundeland og prata saman. Då sa Torjus: «Det er rart at me som er så gode venner ikkje skal bli gravlagde på same staden. Eg blir liggande på ein framan stad under eit grønt tre». Torjus blei gravlagd på Feda.

Torjus kunne sjå det som var skjult for andre. Han kunne stansa farlige blødningar og lækja sjukdommar.

Kvar sommar ved jonsoktider reiste han med baste-korga rundt i liene for å finne planter til medisinen han laga. Ei god sårsalve for gamle sår som ikkje ville gro, laga han av einarbær, nokre grøne og nokre svarte, som han koka i fløte til ei passelig seig salve.

Sankt Olav skjegg koka han og medisin av.

Mor til Torjus i Lia tente som ung jente hos den vise Bjellandspresten. Kvar gong presten skulle over Kvinesheia, vitja han Lia og fekk mat og drikke, men ho ville aldri ta betaling. «Så skal du ha denne boka», sa presten og flidde henne Svarteboka, men kona sa: «Eg vågar ikkje å ha ho i hus og inkje kan eg lesa og har inkje bruk for boka heller». Presten sa at ho ville snart få ein som ville få bruk for boka.

Torjus hadde ei lang stund svær søknad, for folk trudde meir på han enn på nokon doktor. Legerådene hans var naturlige og kraftige på same tid, så ennå utlærte leger søkte han. Men det fekk ikkje Torjus veta før etterpå.
Legene var etter han fleire gonger for legerådene hans. Han måtte bøta 70-80 dalar, for det var ulovlig i dei dagar å driva med kvaksalving. Torjus blei og sett i fengsel, men rikfolk kjøpte han fri og tok ham med til slike som ikkje legene kunne hjelpa.

Folk visste at Torjus hadde Svarteboka og mange trudde han kunne trolla dei gode att.

Han hadde ei merkelig evne til å kjenna folk. Det var derfor inga sak for han å få pasientane hans til å tru på doktorrådene til Torjus.

Før Torjus blei kjend som kvaksalvar, hadde folk størst tru på Kari mæ Steinen. Men ho tok så urimelig mykje for å hjelpa folk, og då Torjus hadde sett henne så grundig til veggs då ho ville stela sauen hans, mista folk trua på henne. Det gjekk slik til:

Ein gong kom Kari til Lia og bad om kjøt. Torjus hadde nett slakta, men sa han trong kjøtet sjølv, så ho kunne bare ha seg vekk. Kari reiste, men lova å koma att. Då ho kom ut på tunet, tok ho beste lammet som gjekk der. Då tok Torjus fram Svarteboka og las, og då han la boka frå seg, sat Kari på huk som ei anna høysåte med lammet i fanget. Kari kunne ikkje koma av flekken. Torjus lo godt og ville ikkje løysa henne før ho lova at ho skulle aldri koma til Lia meir.

Ein setesdøle trudde han gjekk med ein orm i magen. Han kom til Torjus og bad om hjelp.

Han hadde søkt mange leger, men dei bare lo av han. Torjus ville ikkje seia setesdølen imot og gav han noko medisin som skulle drepa ormen. Han sa at setesdølen måtte sjå vel etter om ikkje ormen kom ut.«Merker du ingenting, må du koma att om eit par månadar».

Torjus fanga ein liten ormunge og drog ut gifttanna. Mannen kom att og fekk medisin så han kasta opp og låg og kraup i oppkastet. Då sleppte Torjus ormungen bak føtene hans. Då sa setesdølen: «Sjå der heve me ormen».

Knut Flottorp i Grindheim hadde stukke kniven i ei stor livåre og heldt på å blø seg i hel. Då sende han son sin etter Torjus, og med det same dei trudde han var i Lia, slutta det å blø.

Ein mann frå Øygarden i Bjelland hadde hogge seg i foten og blødde stygt. Han sende ein mann til Lia og skulle henta kvaksalvaren, men på vegen møtte han Torjus. «Eg kjende på meg at nokon skulle henta meg», sa Torjus. Han følgde med, men før dei kom til Øygarden, hadde blodet stoppa.

Ei jente frå Eiken fann på å kalla Torjus for doktor Hjelpelaus. Dette fekk Torjus greie på og laga det så at ein søndag ho skulle til kyrkja tenkte ho på fred og ingen fare. Då ho skulle gå bort til kyrkja, trudde ho at ho steig djupare og djupare i vatn. Ho løfta stakkane høgre og høgre opp til ho hadde dei under armane. Då stod ho ved kyrkjeporten.

Torjus var ofte ute og reiste. Ein gong overnatta han i Brennåsen. Då var han på veg til Kristiansand. Han let lasset stå att på vegen. Det var mange tjuar og kjeltringar som rak etter vegen i den tida, og gjestgjevaren bad Torjus om å ta inn lasset.

La dei bare koma, sa Torjus, det har ingen fare.

Gjestgjevaren fekk ikkje sova, han høyrde at tjuane var i lasset. Då han såg ut om morgonen, stod tjuen som fastspikra med ei halv tønne korn på ryggen. Då skjønna han at «vestmannen» kunne trolla.

Då reis Torjus opp og gjekk ut og løyste fanten. Torjus gav han då 12 skilling for han hadde stått heile natta og passa lasset hans.

Ein gong då Torjus var ute og reiste, møtte han ei kone som bad om hjelp. «Eg kan ikkje hjelpa deg her, du må koma heim til meg. Du må ikkje bia for lenge for nå kviler eg snart under mitt grøne tre».

Det blei planta ei raun på grava hans på kyrkjegarden på Feda.

(Etter Hægebostadboka av Anen Lauen og «Farne tider» av Magnus Breilid).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *