Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

TORSHUS

Den første som rydda og bygde i Langåsen i Bjelland heitte Tore. Han bygde ikkje der husa nå står, men lenger aust. Der ser ein ennå merke etter rudningen hans. Dei kallar han nå for Torshus.

Tore og kona hadde ein son som heitte Ola. Han gjekk heime til han var vaksen kar, men då for han ut. Jolaftan 18 år seinare, kom han heim att til Langåsen og steig inn i stova der gamle far hans sat.

– Kan æg få hus her i nott, spurde den reisande.
– Nei, me he inkje plass, sa gamlingen.
– Men dette æ då joleeptå.
– Ja, men du fær hella gå ne te Ågedal. Der he dei så store hus.

Då sonen ennå ei tid hadde bede om hus, sa han:

– Nej, æ må nok ut a floren å spøra mor.

Ola blei verande heime og tok garden etter faren, og same Ola namnet er i ætta ennå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *