Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Torstein Knutson Uvdalen (Ormvasslia)

Torstein K. Uvdalen budde i Ormvasslia. Ormvasslia ligg noko einbølt til, om lag midtvegs mellom Felle og Treungen. Ormvasslia låg ikkje meir einbølt til enn at kramkarane på veg yve heia tok ein tur innom for og handle  og for å høyre nytt frå området. Ein kramkar som var i Tørdal og handla fortalde at han ville ein tur til Ormvasslia før han for til Felle. Kramkaren forsvann på vegen yve heia og kom aldri til Felle. Folk på Felle fekk seinare høyre om forsvinninga og skulda Torstein for udåden, dei hadde ikkje noko prov mot han men ongane i Ormvasslia fekk alle nye halstørkle om lag på same tia som mannen forsvann. Kramkaren hadde med seg ei bikkje på turane sine som og var forsvunnen. Mange år seinare, då dei helt på med vegarbeid på Felle skulle dei ha fonne levningane etter kramkaren og bikkja. Torstein og familien flytte seinare til Tørdal. Kanhede blei det vanskeleg for Torstein og bu i Ormvasslia etter dette. Torstein døde i 1853 i Tørdal etter at han var uheldig og skar seg i låret med kniven. Ormvasslia var i mange år ubebudd. Folka i Goli var ofte opp i Ormvatn for og fiske men dei torde aldri yvenotte i husa, dei trudde det spøkte der etter hendinga med Torstein. Nei dei fann seg heller ei stort gråntre å ligge under, det var mykje tryggare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *