Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Torvskjering

Livet på garden

Det var lite skog i Kvinesdal. Dei måtte brenna torv. Alle baka flatbrød om hausten, så dei hadde mat nok for vinteren. Til flatbrødbaking måtte dei ha torv. Ei god torvmyr var ein naturrikdom. Dei fleste bruk i bygda hadde torvmyr. Dei fleste torvmyrene var delt opp i parsellar. Dei fleste sette opp torva i skryv, men mange hadde torvløer. Alle torvløer var tekte med lyng. Der kunne torva ligga turt til dei fekk snøføre og kunne dra torva heim på kjelke.
Om hausten måtte dei bera torva heim på ryggen. Dei stappa torva i sekker. Det var vanlig å bera to sekker i ei bør. Ingen lika å bera torv. Dei blei såre på ryggen.

Me hadde torvmyr ved Årli-Sandvatn. Det var den dårligste torvmyr eg veit om. Her har stått minst 3 torvløer. Folk frå Jerstad skar torv her og bar torva på ryggen over 3 km. til Jerstad. Dette var mosetorv, som bare passa for flatbrødbaking. Dei måtte gå framom fleire gode torvmyrer, men dei visste ikkje at her var god torv.

I 1942 var eg med og hjula torv her. Herman Årli skar torv, og då han kom ned over 2 m, fann han ein j full neve med nøtter og friske greiner av hasseltre. I dag er det over 1 km til nærmaste hasseltre.

Torv var armods brensel for dei fleste, men her var og torv som var mest like god som steinkol.

Dei skar torv når dei var ferdige med vårvinna. Me gledde oss ikkje til torvskura, men det var eit arbeid som måtte gjerast.

Reiskapen dei brukte var enkel. Dei trong bare ei hjulbor og ei spade til å skjera grastorva med og ei torvespade. Eg minnest reiskapen de brukte for 70 år sidan, det var same reiskapen dei ville ha brukt idag. I bestefar si tid brukte dei 2 spader. Skaftet og spadebladet var av tre med jernbeslag i nedre enden. Jernet var forma som ein hestesko, og inne i krumminga var det kløyvt så det laga ei renne til å stikka spadeskaftet inn i. På kvar side av spadejernet var det eit hol som dei kunne festa til treet med ein jernnagle. På kvar side av spadebladet var ein knott til å trø på når ein skulle trykka spaden i jorda. På torvspaden var ingen knott til å trø på. Spadeeggen måtte ein slipa og halda kvass.

Når dei hadde tatt bort grastorva, så merkte dei opp lange rader så breie som spaden og skar torva i passelig tykkelse. Dette kalla dei å stuskjera. Denne torva blei aldri så fin som når dei benkeskar. Då måtte dei ha eit djupt torveskjer. Då skar dei inn frå sida og alle sidene på torva blei glattskorne. Det var helst kvinnfolk og barn som hjula torva ut på turkeplassen.

Ein tok dei blaute torvene med hendene når ein la dei i hjulbåra og når ein la dei til turkes. Det var vanlig å skjera torv i 3 dagar.

Når torva var turr ovanpå, måtte ho reisast på kant. Dei sette 2 torvar på kant som eit hustak.

Når torva var turr, bar dei henne i korger eller hjula henne inn i løa. Dei som ikkje hadde løe, sette 7. torva i skryv.

Det var mange i dalen som kjøpte myrteiger på Kvinesheia, men etter siste krig blei det slutt med torvskjering. Idag er det ikkje att ei einaste torveløe.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *