Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Toskjafiskje i Hugesund før i tida

Då vårsildfiskje slutta i 1784 kom det svære innsig av tosk te Skudneslandet. Folk rodde ut og fiska med snøre og liner. Men så var det somme som tok te å bruka garn og då blei det bråk. Dei fortel at det blei sendt klage te kongen i Kjøbenhavn og at han sette forbod mot å bruka garn og andre slags ugudelege fiskevedler. Var det noken som framleis brukte såvorne sku både vedler og fangst kversetjast te inntekt for kongens kasse.

Det var ein som spurde koss ei fiskevedla kunne vera ugudeleg? «Jau, det ska eg seia deg», sa ein gamal mann. «Storemannen har synt oss ka slags vedler me ska bruka. På sildå har han lagt risp nett som moskar i not og garn for å syna oss at dei vedlene ska me bruka på sildafiskje. Men på tosken har han teikna ei reik frå toknå te sporen for å syna at han ska me fiska med snøre og liner».
Dette store toskafiskje varte berre i 6 vintrar.

Det er altid så at det fylgjer møkje tosk, sei og longa etter sildå. Men i 1887 korn det meir enn vanleg. Folk var ikkje budde på å ta mot så store mengder og prisen gjekk ner i 15-18 øre stykkje.

I 1888 kom det enno meir fisk. Men då hadde Th. Joh. Kyvik, som ikkje var meir enn 19 år, og andre oppkjøperar gjort seg klar te å ta mot. Dei salta på sjøhusgolv og kjøpte det dei kunne få. Prisen gjekk opp i 40-50 øre stykkje.

Det var mange som slutta med sildafiskje då og tok te med tosken. Det svarte seg bedre. Men så blei det for lite lineforsyn. Då laga far min ein halvautomatisk maskin som tvinna forsyn så fort at alle blei berga.

I 1889 eller 90 kom tosken inn Karmsunde, både sunnanfrå og nordanfrå. Far min og den namn-gjetne gamla kjempa, Reianes’n sette lina frå Carpaskjer utøve mot Vibrandsøynå for å prøva få litt husfisk. Då dei drog om måråen fekk dei to båtlaster.

I 1889 blei fiska 200,000 stykker tosk, i 1891 310,000.

Dette rika toskafiske spurdest nordpå og i 1892 kom ein mann frå Lurøy i Helgeland for å prøva fiskelykkå her sør i sta’en for på Lofoten. Han heitte Benjamin Jakobsen Nesø og hadde 2 søner med seg.

Dei frakta ei litå jekt te lossement. Då kunne dei alltid vera der det var mest fisk. Dei ordna seg så at ein av sønene held seg ombord, kokte maten og egna linene. Då kunne dei andre 2 setta og dra mårån og kveld. Dei hadde 1500 kroner netto då fiskje slutta og det var meir enn dei var vane å få på Lofothave.

Øve 1 million tosk blei fiska te 11. mars det åre.

Eg og var ute og prøvde fiskelykkå den vinteren, men det gjekk ikkje så godt med meg som med helgelendingen.

Då det leid ut i februar hadde me seld ut heile lagere av oljeklær og sydvestar og eg fekk lyst å prøva fiskje. Eg slo lag med ein styrmann og ein fiskar og me får te Røvær. Det var ikkje beste sta’en, for det året held meste fisken seg sørøve langs Kartalande. Men der var så mange fiskarar at det ville vore uråd å få hus der.

I Røvær budde me hos ein som dreiv bakeri og handel om vintrane. Me fekk liggja i bakerie —eg i hengekøy under take, styrmannen i brødhydlå og fiskaren i ein stor kasse. Me hadde det både varmt og godt. Men så strøymde det så mange fiskarar te at bakaren måtte ha hjelpesmann for å baka meir brød og då måtte me ut.

Me flytte øve te ein annan landhandlar. Der fekk me plass på lofte saman med mange andre fiskarar. Lofttake skrådde ner te golve på begge siene, i kvart bryst var det eit lite vindu og i den eine enden ein skorstein med kokeomn. Langs heila lofte sto skrinå våre tett i tett i 2 rader så der blei ein midtgang.

Me låg på golve med hove bortunder take og føtnå mot skrinå, med klærnå på og så tett at det var vanskeleg å snu seg. Luftå var full av damp og lukt frå våte klær, styvlasmurning, fiskaslo, sildarisp og møkje meir. Men sov gjore me den stundå me fekk fred.

Det var ikkje oppsyn med toskafiskje då. Fiske-rane kunne ro ut så ti’legt dei ville og dei vp,r ikkje guds beste bådn alle. Linene var ofta sette øve kvarandre så annanmanns liner fylgde med når ein drog sine eigne. Det lettaste var då å kappa dei andre sine og det hende visst at endane ikkje blei knytte i hop. For å berga sitt var det om å gjera å koma ut på sjøen så snart råd var. Men alle måtte ha mat og kaffi før dei får og kvart lag sku koka sin kjel på same omnen, det blei då seint for dei siste. Dei djervaste sto opp klokkå 3 og så gjekk det slag i slag.

Der var så lite ferskvatn te alle som var samla derute, at det rokk berre te kaffi og matlaging. Svevnen gnika me or augene med sjø når me kom ner i båten. Vaska oss gjore me om lørdagskvellen når me kom te byen.

Det var kallt den vinteren. Linene fraus etterkvart me drog dei inn og vettene blei ein isklump med neven inni som ein kjerne. Av og te måtte me ta dei av, dyppa dei i sjøen og knusa isen på toftå med ausfate.

Fisken selde me te oppkjøperar og fekk 27 øre for toskane, men berre 7 øre for storsei og longa om dei så var famnen lange. Det blei ikkje feit forretning. Om lørdags ettermiddagane kunne me fylgja dampbåten «Rapp» te byen og utatt mandag mårån. Men det kosta 75 øre te manns kvar veg og det totte ikkje familiefedrene dei hadde råd te. Så rodde me heim lørdagskveldane og ut ti’leg mandag mårån.

I 1893 var det mange helgelendingar og nordlendingar som fylgde etter Benjamin Jakobsen. Dei kom med dampskip og hadde med seg garnbruk, linebruk og nordlandsbåtar. Det var uvanleg og malerisk med alle nordlandsbåtane i Smeasunde.

Den vinteren fekk dei opp te 9,000 tosk på vanlege 3-mannsbåtar og endå meir på større. Ein linebåt drog seg så full vest om Røvær at han sokk og 2 mann kom vekk.

I 1894 var det likaeins godt fiskje, i 1895 noke mindre og eit par år etter heilt slutt. Mange av dei noranfrå treivst så godt i byen at dei slo seg ner her for godt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.