Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Tov Lia

Tov Lia, Ytre Seljord, var med i krigen.

Han var son til OLAV ØV’LAND. Dei var 7 brørar. Far deira fekk lov aa taka fri ein av dei, og det vart den yngste, KNUT HAUGELAND – dei 6 andre var ute i hertenest alle samar, og tvo av dei, TOV og KNUT (Mevatsstaul), var med i krig.

Olav Øv’land var ein rar sole, sinna og vond og ein fæl skarv au.

Daa Mikkel Ullsnes flutte til Nedlistogu-Øv’land (han var der nokre aar) og skulde fara med krøturi yvi ei bru nedanfyre Øv’land, so hadde Olav vori der dagen fyre og kabba mest av mastine. Mikkel gjekk fyri krøturi og kom av eit høve til aa kike under brui, elles hadde han drepi baade sig sjølv og krøturi, for nedunder var det ville flòge.

Mikkel var, som fyrr er nemnt, ein fæl kjempekar, og ofte, naar Olav var paa galin styr og vilde skamslaa kona og bonni, so maatte dei hente honom til halde styr paa galningen.

«Dæ'n smøygje aa smette bli dæ fre' mæ kònn, Mikkel, førr eg kjem nori Nesheller'n og du su'i Pipskaar!» sa Olav so tidt.

Son til Gjeirmund Ramsaas heitte JON. Han hadde rudt op Lia, der Tov budde. Tov var ein fælande flink og strævsam mann. Han rudde og vøla upp Lia, so han sat der med 6 naut og var ein vælstandsmann til husmann aa vera.

Daa han var i krigen var det nære med live hans ein dag. Han laag i skyttarline flatt paa marki, og den eine foten stod noko upp i vére. Daa kjem der ei lekjekule og slit solen undan skoren hans

Ein dag saag dei ein svensk offiser, som kom ridande utor skogen. Han hadde nett vori inne paa ein gard og fengi seg mat og sat no paa hesteryggen og magga seg og turka seg kring truten. Daa sigta nordmennane inn ei kanone paa honom og fyra av. Kula raama og skulde hovud fraa kroppen paa svensken.

Tov var stor og ramaleg og mykje gamall, daa han døde. Den gamle bunaden heldt han truge paa. Gjekk altid med høg hatt, kvit, sid jakke og falda knebuksur.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *