Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

Tove Skjørberg

Gamalt attende hadde Skjørberg sæter ved sørenden av Keisarmyra. Ein gong kom det røvarar til denne sætra hans Tove, og dei ville ta både budeia og buskapen med seg. Men ho kom seg frå dei. Og ho hadde luren med seg. Så sette ho luren for munnen og song mot garden:

Till till Tove.
Tølv mann i skoge.
Bjøllkua binda dom,
storoksen stinga dom.
Og mæ vil dom
med sæ ha
langt oppå Dovrefjell.

Han Tove kjende målet åt budeia si, og sende strast væpna karar til sætra. Alle røvarane vart drepne, og karane hans Tove grov dei ned i ein myrputt i nærleiken. Staden dette hende fekk sidan namnet Tølvmannsdulpen.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.