Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Trættemyr

Millom Fister og Sigmundstad er ei myr som heiter Trættemyr. Dette namnet skal ho ha fenge paa den maaten at dei heldt paa aa trætta um kven som skulde eiga myri. Paa Sigmundstad vilde dei hava det so til at skiftet gjekk paa hi sida, so heile myri skulde høyra deim til; men paa Øvrhus (Fister) vilde dei hava skiftet paa den andre sida, so heile myri skulde vera deira. Det vart sak av, og dei paa Sigmundstad vann.

Mannen som budde paa Sigmundstad den tid, heitte Jonas. Eit bil etter denne saki var han uppe i Trættemyr og stræva med eitkvart. Daa kom det ein ande yver honom — i liknad som ein erv. Den heldt honom fast der i tri dagar, so han ikkje kunde koma av flekken. Daa kom det folk til honom og fekk ‘an heim; han var daa baade trøytt og magtlaus og modlans. Sidan fortalde han kva han hadde vorte fyre, og so bad han folk ganga av stad og setja skiftet midt etter myri. Jonas Sigmundstad døydde straks etter; men skiftet vart sett midt etter myri, og der gjeng det den dag i dag, so dei eig helvti kvar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *