Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Trampa på ein tusse og fekk vondt i foten.

På garden Moan i Støren var det ikkje fritt for anna enn at tussane heldt til ei tid. Dei hørte dei rett som det var om natta, dei for og pusla i stove og uthus. Så var det ein mørk kveld at kona på garden skulle ut ein tur. Med det same ho steig over dørstokken og ut, kjende ho noko under foten sin og med det same hørte ho nokon ynka seg. Dagen etter kunne ho ikkje setja foten under seg. Han var tjukk som ein stokk og raudblå å sjå til.
Her var ikkje til å ta feil av. Ho hadde vori borti ein tusse. Mannen gjekk da ein tur frammi Soknedalen og fekk med seg Litjfrøseten attende. Den karen kunne meir enn Fadervår.

Da Litjfrøseten kom til Moan såg han seg ikring, spytta og sa:

«Det va rett stinnt tå døm her.»

Så tok han til å jaga tussane ihop på tunet. Da han tykte han hadde samla ihop nok, ville han jaga dei bort frå garden. Men denne gongen gjekk han beit på tussehorga. Han kom nedåt brua i Kåsdalen, men der tok tussane valdet av han og rende attende til Moan. Kallen trampa arg i bakken og sette etter. Han tok ein tørn til med dei, og seinare har tussane vori borte frå Moan.

Liknande soge er fortald frå ein gard i Vagnilgrenda Soknedal. Dei var heilt forsett av tussar. Litjfrøseten vart henta og han måtte ta to tørn med tussane der åg før han fekk dei med seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *