Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Trangt mellom benkene

sogne-stubbar_-_trangt_mellom_benkene_030Ein rusket haustversdag kom ein predikant til Vadheim. Kvar han kom frå og kvar han skulle av, kan vera det same. Det som er verdt å vita for denne soga, er at han var ein dugande talar som ikkje sparde på krutet.

Mange av bygdefolket vart sjølvsagt oppglødde for ei slik kraft, og møte etter møte vart skipa. I ruskever og i myrke haustkveldar var det dertil kjærkome å koma saman.

Men ikkje alle var so oppglødde for denne «svovelpredikanten», som dei sa. Tid tok han, og pengar ba han om. Dertil, og det var det viktigaste, var dei ikkje sikre på om den fanatiske lera hans var den einaste som førte fram.

Predikanten fekk kjennskap til dette, og endå meir glødande vart forkynninga hans.

Det var kveldsmøte han hadde dreve med, men så kom sundag, og då vart det tillyst eit stort dagsmøte.

Mange som elles ikkje gjekk, hadde nå møtt fram. Mellom dei var og kona til skolelæraren, ei aldrande kvinne som brukte stokk avdi ho var nokså fyldig av seg og dårleg i beina. Såleis hadde ho store vanskar med å bøya seg.

Møtet vart opna med sang og musikk. Predikanten fekk ordet, og han ordla seg som aldri før. Salen var full av folk, og dette verka truleg og på han.

Til slutt ba han alle falle ned på kne for å prisa Herren. Det vart gjort sjølv om det var trangt mellom benkene, og såleis litt mødesamt. Til slutt var likevel alle komne ned på kne, berre ei kvinne – kona til læraren – sat att.

Dette såg predikanten, og på ny ga han påbod med salvelsesfull røyst, men kona sat. «Aha,» tenkte predikanten, «her har vi en av dem som er tvilende, om hun da ikke direkte er mot oss.»

Med lange og avmålte steg gjekk han ned frå kateteret og bort til kona. Ho hadde sett at han kom og famla alt med lommekluten.

«Nå, gode kone,» sa pedikanten og såg strengt på henne, «skal ikke De også prise Gud?»
«Jau,» kviskra ho gråtkvalt i den pinlege stoda ho var i. Ho kom ikkje ned mellom benkene, fyldig og dårleg som ho var, men dette fekk ho seg ikkje til å fortelja ein framand mann.

«Vel,» sa predikanten, «så knel ned sammen med meg nu i denne stund, så skal vi to prise Gud sammen.»

Han knelte ned og let att augo. Då han ikkje merka noko til kona, opna han augo og såg til si store skrekk at kona framleis sat. Nå tok sinnet han. Med ei malmfull røyst som skulle bryta ned all motstand sa han:

«Vet De ikke det gode kone, at de som ikke faller ned og tilber Gud kanskje ikke kommer til Ham?»

Då kona høyrde dette vart ho òg sint i den desperate stoda ho var i, og sa gråtande:

«Ja, kjem eg ikkje til Gud av den grunn, so faor da heller vera da sama»

Det kunne ha vore fleire som vinka farvel då predikanten tok fyrste båten frå Vadheim    

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *