Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

TRÅVKØYRING PÅ VANGSISEN

Hestar, hestekarar og tråvkøyring var sentrale ting på Voss føre
1930-åra. På Vangsisen var det fast tradisjon med både sløyfekøyring og
premiekøyring kvar vinter. Mykje folk var samla til desse tevlingane.
Både hestar og folk kom langsvegs farande, og det var eit yrande liv
rundt dei gamle hestestallane på Vangen. På baklommene var det velfylte
lommelerker, som etter kvart vart tømde. Og i høysekken låg det gjerne
ei flaske eller to med godt heimebrygg.

Sjølve tråvkøyringa kunne vera dramatisk nok. Dei mange veltrimma
hestane gav kvarandre hard dyst og utløyste spaning i den store
folkehopen.

Men både føre og etter tråvkøyringa kunne det vera både uventa og dramatiske hendingar som vekte åtgaum i vide krinsar.

Ein Gullfjordingsbonde som var enkjemann, hadde meldt seg til start i
4. åreklassen. Han hadde ein fin, rask vallak som han kom koyrande med
i spisslede nedetter Vangs-isen. Tråvbana var den gongen utanfor
Lydvalandet. Isen var ikkje heilt trygg alle stader, utanfor
Seimslandet var det såleis ei lita råk. Knuten, som sat framme i
spisssleden, hadde ein annan kjend hestekar, han Hans-Ola bakpå bukken.

Diverre kom dei for nær råki under Seim og hesten for uti. Han Hans-Ola
som sat bakpå bukken fekk hoppa av. Mykje folk stod rundt råka og på
land og såg på. Det vart stor forvirring, og mange ropte og bar seg.

Hesten tok det rolegast av alle. Han sumde bort til iskanten, la
framføtene oppå og gjorde eit kjempekast og var i trygg forvaring oppå
isen att både med seg, spisssleden og eigarmannen sin.

Knuten hadde vore nedi vatnet til livet. Han tok berre av seg
skaftestøvlane og rende vatnet or dei. Sette så støvlane på seg att og
var med på køyringa og tok premie som om inkje var hendt.

Det einaste han Knut sa etter den kalde dukkerten, var at han no truleg hadde kome til å fenge treft henne Silla, kona si, att.

Ein bonde frå ein annan kant av bygda hadde vorte misnøgd med avgjerda
til domarane etter ei tråvkøyring på isen. For å demonstrera sin vreide
for dette fann han på å ta merra si med heim til bustaden åt ein av
domsmennene, ein kjend handelsmann på Vossevangen. Bonden leidde merra
si opp troppa tiø andre høgda der mannen budde, og så snudde dei og
gjekk ned att.
Det vart mykje prat om denne episoden lenge etterpå.

Ein av grannane til denne bonden hadde bygt seg ei låvebru nedanfor
låvebygningen sin. Denne låvebrua gjekk nesten loddrett opp og vart
nytta til å dra høyet inn i løa på av eit elektrisk spel.

Då bonden står og bisnar på dei tekniske framtak det var då høyet for opp den bratte låvebrua, seier grannen til han:

– Ho klarte vel ikkje å koma opp denne brua, merra di?

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *