Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Trekantjorda på Runde

I bratte fjellet på sørsida av Runde er ei grøn grasbot som er kalla Trekantjorda. Der er eit gil som ingen kan kome over, slik at dei kan kome seg bort på Trekantjorda.

Det budde storfolk på Rundegardane. Mellom anna var der ei ven jente som hadde mange friarar. Det var berre ein av dei som kom nokolunde i gunst. Men det er ikkje so kjekt å vere om¬sverma. Då veks storlæta til det mest utenkjelege. Ho sette det vilkåret at den som skulle få henne, skulle hente ein ven blom oppi Trekantjorda og fli henne. Her var gode råd dyre, men hugen dreg halve lasset. Ein av friarane tok med seg ei ottringsmast fekk slenge ho over gilet, og kravla seg bortover. Då han kom midt på masta, gleid ho i den eine enden, og mannen ramla nedetter fjellet og slo seg i hel. Korleis det gjekk med jenta visste ikkje dei som fortalde det noko om.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.