Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Trekkraft og mat. Nyordninga tar form…

Når det galdt mat og trekkraft, så var land-distrikta godt stilt i 1940. Ved eit raskt overslag finn eg at frå Kvås-grensen til og med Snartemo var der ca. 110 mjølkekyr og 15 hestar på gardane langs vegen. Desse levde stort sett av skogsbeite og heimeavla fôr. I dag er det ingen i dette området som driv mjølkeproduksjon. Dette store husdyrhaldet gav også mykje gjødsel, som så i tur og orden gav både poteter og korn. Trekkraft, arbeidshender og fagkunnskap var der på kvart gardsbruk.

Trekkraft, ja. Vi får ta med ein episode frå desse april/mai dagane i 1940. — I grannelaget var det ein familie som skulle overta ein gard i Konsmo. Dei hadde tinga flyttebil, men bensinmangel og køyreforbod sette stenge for privat bilkøyring. Som erstatning måtte to tre naboar troppe opp med naturlige hestekrefter. Tomeliten (eller Blakken) og eg blei med på moroa. Vi køyrde over Naglestadheia med tre hestar. Flytteoperasjonen tok eit par dagar, for vegen att og fram blei om lag fem mil. Ein tur om dagen var alt vi rakk. Det var teleløysing og vegen var stygt oppkøyrd av tyskarane. Vi hadde bare trehjul med jernskodning på kjerrene i den tida, så det var ingen lett transport anten for mannen eller hesten. Det var om å gjere å ha god framtyngd på lassett opp Bjærumsliene. Køyrde ein ned for bakke, måtte lasset vere meir i jamnvekt.

På heimvegen var det godt å sitte på kjerra og la hesten arbeide for seg. Tomeliten var ein lang, låg, lys blakk fjording med ål etter ryggen og sideklippt man. Han var fem år, men litt sein etter vegen. Eg hadde vist nok vore litt for hard på taumen, for på slutten av køyringa tok han ein del rare sprang til eine sida. Då synte det seg at munnbittet hadde slite sund eine munnvika. Ei fille rundt bittet var då beste medisin.

Så blei det så sommar også dette året. Narvik blei gjenerobra og tapt på nytt. Konge og regjering rømte til England, og alle norske styrkar la ned våpna. Livet normaliserte seg til ein viss grad. Forsyningsnemnda tok til å bli den mest sentrale samlingsstaden i bygda. Dit måtte ein å få kort og tilvising på mest alt som skulle kjøpast. Den første tida fekk ein litt ekte kaffi. Seinare bare kaffisurrogat (erstatning). Råstoffet til dette var vistnok for det meste brent korn. I skolen analyserte dei på denne måten: Mor = subj. kokar = pred. kaffi = surrogat. Folkehumoren høyrde og med til det daglige brødet, sjølv om mjølet likevel var den viktigaste ingrediensen. Snart blei det reine kveite- og rug-mjølet avløyst av det seinare så berykta krisemjølet.

Det hadde ein sørgelig bakeevne, og mange hardsteikte brød likna nok mest på ein deigklatt inni. Folkehumoren kunne også bruke dette: Det var på eit N:S: møte der talaren svinga seg opp til dei store høgdene, og kasta ut ein påstand over forsamlinga: «Det blåser en ny vind over Norge i dag.» Då høyrdest ei forsakt røyst nede frå salen: Det er det nye brødet.»

Alle slag gryn måtte og kjøpast på kort. Potetene blei rasjonert, for ikkje å tale om smøret som bare blei selt i ytterst små rasjonar. Heilmjølk var bare å få til små barn. For dei som hadde gard, galdt same strenge rasjoneringa. Ein del stakk unna alt dei kunne, og tente seg rike på å sele «svart, til ublue prisar. Hos oss var det stort sett meg som stod for «kontorarbeidet», alle påskrifter og søknader som trongst i denne tida — og det var ikkje lite. Ein måtte skrive under på at ein bare skulle bruke den snaue, tilmålte mengda av smør til dagen. Likeins var det med dei andre rasjonerte matvarene. Då kunne det vere vondt for eit vake samvet.

I «familieråd» ble vi samde om at vi skulle ikkje vege og måle opp det vi brukte av eigne produkt, men heller ikkje sløse. Så skulle vi sidan levere alle matprodukter frå gardsdrifta gjennom det norske forsyningssystemet til ordinær pris. Vi skulle ikkje svarthandle med private, og slett ikkje med tyskarar. Einskilde gonger hende det nok at der reiste eit mjølkespann eller ein smørklatt til ”verdige trengende”, men det drog lite. Også for dette tok vi bare ordinær pris.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *