Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Treskedagen

Treskedagen var alltid ein fin, solrik haustdag, og var ikkje haustdagen slik, så var det heller ingen treskedag. Korleis då? Jau, for den lange, doble taulina som gjekk frå vasskallen i bekken og smatt inn i ein sprekk i låveveggen, kom ut att og skunda seg bort att til bekken: Ho måtte ikkje bli våt. Dersom det kom ei bøye som vætte lina, blei ho så stram at ho rauk i filler på ein to tri.

Endå eit vilkår måtte vere oppfylt før det blei treskedag. Der måtte vere rikelig vatn i bekken. Dette kunne rett nok hjelpast på ved å springe på heia og sleppe ut vatnet frå eitt eller to stemtjern. Etter at den gamle, heimarbeidde treskemaskinen var sett saman og plassert framme i låven om morgonen, var det nokså vanlig rutine å springe på heia og sleppe stemmen. Ein kunne fint rekke heim att før vatnet auka i bekken. Det var bare far som kunne spleise taulina. Spleisen skulle helst fuktast med litt tretjøre. Når så vatnet blei sleppt på kallen, skal eg sei spleisen fekk fart på seg. Lina elles var likeins heile vegen, men skøyten sprang som ei lita, lodden rotte rundt og bort i mot låven, smatt inn gjennom holet i veggen, men kom straks ut att og skunda seg bort i mot bekken og kallen på nytt. Slik gjekk det heile dagen. Midtvegs mellom bekken og låven var der to styretriller som klakka og skramla, og i låven stod sjølve vidunderet og bura og skalv.

Hadde førebuingane vore som dei skulle, så var låven nå nokså full av folk: Ein skulle vere på kornstaen. Ein løyste opp kornbanda, la den doble bendelen fint saman med resten av kornbandet, og gav det i rett tid til den som «la i» maskinen. Ein ”Taka ifrå”, d.v.s. raka vekk halm og heldt kornhaugen reinast moglig heile tida. Ein stod med gaffel tett ved kornhaugen og riste halmen litt, før han skuffa han inn i halmløa eller opp på eit trev. I halmløa måtte der og vere ein til å stu vekk halmen og trø han til.

I denne flokken var der vanligvis eit par unge, smellvakre jenter og to eldre ungkarar. Nei, dette var inga «dyster» forsamling.

Treskedagen var litt av ein høgtidsdag på fleire måtar. Nå var det hausten, og høy, poteter og korn var velberga i hus. Vinteren kunne bare kome. Men ennå var mange glasklåre haustdagar i vente, med lier som skein i rødt og gull.

Matkvilda midt på dagen var eit høgdepunkt. Mor var inne og stelte til mat og kaffi. Det gjorde ho alltid både godt og vel. Der var store dungar av det høge, heimebakte brødet. I tillegg var der gjerne anten vaflar, potetkaker eller pannekaker. Søtost og fleire slag sylt var vissaste pålegget. Alle brukte sukker og fløte i kaffien, og alle hadde god matlyst. Ingen brydde med å vaske seg før maten, sjølv om særlig han som «la i» var lovlig svart. Kornstøvet var «rein lort».

Nå måtte dei gamle ungkarane stå til rette for konene dei ikkje hadde, og jentene fekk gå igjennom for eventuelle kjærastar. Alt var bare godslig moro, og alle var mette og velnøgde når siste økta tok til. Det hende dersom det var eit godt epleår, at far var inne i buret etter ei kolle med store, røde eple i matkvilda.

Når kornstaen minka ut på ettermiddagen, synte det seg om der hadde kome mus inn i staen. I så fall hadde ikkje den som la ned kornet vore så «vel bevandra» i den kunsta som det var: Å la musefritt.

(Å la = å leggje kornbanda med kornaksa inn mot midten og rotenden ut mot kantane. Då hadde mus vanskelig for å kome inn i staen.)

Det var ikkje mykje vedlikehald av «maskineriet» i arbeidstida. Det einaste var å passe på at akselen på slagtønna alltid gjekk fritt og alltid var olja. Dette heldt på gå gale ein gong. Der hadde sveipt seg halm rundt akselen, og det ville til å brenne. Heldigvis blei det bare røyk utan eld. Det er aldri å tenke på korleis det kunne gått dersom elden hadde fått tak i den knusktørre halmen.

Når siste kornbandet hadde fare gjennom maskinen, var det å skunde seg til bekken og stenge damluka. Kallen sveiv seinare og seinare, for så å stoppe heilt. Spleisen i taulina fekk hange stille høgt over bakken, og mannskapen kom ut frå låven endå svartare enn dei var midt på dagen. Så var det bare oppgjeret som stod att. Far hala opp den gamle heimesydde lerpungen med messinglås frå lomma. Der var blanke kronestykke og einskilde blå og gule setlar. På setlane stod der: «Norges bank betaler mot denne seddel fem (10) kroner guld». Det var nok ikkje mange som hadde råd til å ha slik luksus som gullpengar i skuffene i denne tida.

Fortenesta for dei som hadde vore med på ein slik treskedag, var ikkje så stor, kanskje to tri kroner. Dei som ikkje hadde hest, var gjerne interessert i å få litt hestehjelp seinare, og elles var det vanlig med arbeidsbytte. Dei kronene som bytta eigar på treskedagen var nok ikkje så mange, nei.

Etterpå var låven fælt uryddig, og det første som då måtte gjerast, var å ta ned og kveile opp taulina og demontere treskemaskinen. Ein del halm hadde nok gøymt seg hist og her i kornet, og dette blei grovfjerna med gaffel og rive, og sidan måtte alt smårusk sållast gjennom «hørsållå», som var ein stor, vid kasse med flettverksbotn. Til sist låg så kornhaugen gul og fin i det søraustre hjørnet i låven. Der kunne kornet ligge til ein dag seinare. Då skulle det gjennom rensemaskinen. Etterpå blei kornsekkane borne til det gamle buret og tømt i store kister med mustett lokk. Litt korn blei nok køyrt til mølla og male opp til dyrefor og havregryn med det same. Havrehalmen var også brukande til dyrefor, og aller best var han nok dersom der hadde vore isådd høyfrø i åkeren. Kyrne fekk eit ekstramåltid med halm om kvelden etter at dei hadde fått vatn det dei ville ha. Endå agnene blei brukt til for. I løa var der eit stort «ognehus» der agnene kunne skuffast inn i ei dør i låven, og gravast ut att frå ei dør nede i løa. Kvar ku fekk så si trebøtte med agn oppbløytt i varmt vatn, og litt mjøl oppå.

Det følgjer alltid glede med velgjort arbeid, og det var ei god kjensle når kornet var i buret og halmen i løa. Snart skulle kyrne på bås. Då kunne vinteren bare kome. Men først kom nå slaktedagen. Det er ei anna soge.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *