Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Sigurd Olsen

 

Tresko mæ treskurd å rosur

Far va snikkar å tømmermann. Han ha væl ei slags kontrakt på plassen, men eg veit så lite om dæ. Han ha arbeisplikt i slått å skurd fe den rettighet han ha fe å sita på plassen. Eg hugsar ikkje så nøye kåra elles, men dæ va beiterett, husefang å brenneved. I slåtten måtte han tidleg upp fe å bynje å slå klokka fire å fem, å han slo heilt te klokka ti-ølløv om kvelden. Fe å slå tolv mål va prisen fire kronur å kosten. Dæ va ein elendig betaling. Elles va dæ lite å gjera i Omersdal. Om veten konna han sita ved spissen å lågå tresko. Dæ va fine tresko mæ treskurd å rosur, å skoa te Ola Hålon va kjende, alle sku ha slike. Fe et par tresko va prisen femti øre, ikkje stort fe alt arbei han la på dei. Når han va ute på snekring, va dæ heller ikkje rar betaling.

«Tresko mæ treskurd å rosur»

Om forteljaren Sigurd Olsen

Sigurd Olsen heiter denne forteljaren. Han blei fødd i 1867 i Åmotsdal, ei bygd i Seljord kommune. Intervjuet er gjort i 1956 på Notodden, der Sigurd Olsen slo seg ned etter å ha vore innom ulike arbeidsplassar. Me høyrer om gjeting, onnearbeid, føring og Amerikaferder, «eksisen», åra på Skrivargarden i Sauland og hjå gammallensmannen på Mosebø. Til sist vart det arbeid på Misjonshuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.