Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Trettand-reidi

Ein gong var det ei kona paa Leirdal (Sandeid) som skulde ut paa stabburet etter flatbraud ein trettand-aftan. Daa ho so skulde inn att, kom Trettand-reidi og tok henne. Folki inne vart orventne daa kona ikkje kom inn att. Dei leita og spurde etter henne; men ingen kunde gjeva nokor vitring; det var nog berre altfor visst at Trettand-reidi hadde fare av stad med henne.

Sidan tala mannen med kloke folk, og dei gav honom raad korleis han skulde fara aat aaret etter naar trettan-helgi kom.

Trettand-aftan det andre aaret fekk mannen drengen med seg, og dei gjekk utfyre døri; der vilde dei passa paa. Fram-paa kvelden kom reidi køyrande med tri hestar og ei vogn. Kona fylgde med; dei saag henne godt. Mannen gjekk so stillt som han kunde fram-til vogni og fekk kasta ein brauds-leiv yver kona, og i det same fekk drengen stinga ein kniv inn i bringa paa ein av hestarne, so han vart liggjande paa flekken. Daa gav reidi kona fraa seg og køyrde sin veg straks; men med same sa dei: «Stikk og drag er bondens lag.» Paa den maaten kom kona heim att. Daa hadde ho vore burte eit heilt aar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *