Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

TRETTE OM BYTET

I gamle dagar budde det berre ein mann på Vårdal i Grindheim. Han heitte Vår, og etter han skal garden og elva ha fenge namn. I dei tider var det liksom ikkje noko byte mellom gardane, og hjuringane gjætte der dei farm best beite. Men så hende det og at dei råkast i skogen og trettest om retten til gjætsla. Fekk dei ikkje avgjort tretta på staden, så klaga dei til husbonden, og så var det dei som fekk einast om eit byte. Vårdalsmannen og Spillingsmannen i Vigmostad fann så på å setja bytet der dei møttest i skogen når dei gjekk heimanfrå i solrenninga. Dei råkast på Heddesmonan, omlag midtveis mellom desse gardane, og der blei bytet sett.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *