Internt referansenummer: 19.02.10 – A
Kilde:
Sølvknappane (utgitt i 2001)
Av: Daniel Hoftun
(Klikk her for å lese ”Føreordet” til Sølvknappane)
(Klikk her for å lese diktet ”Ungkarsinteriør”)
(Klikk her for å lese om da Daniel Hoftun fikk Kulturprisen 2007)
ISBN 82-996123-0-6

Tretthidler

(Segner frå heia)

I gamle dagar var reinjakta ein viktig leveveg for fjellfolket. Det var gjævt å ha gode heiar å jakta i. På grensa mellom Setesdalen og Suldal hadde veidemennene laga seg til med ein hidler under ein stor stein som dei heldt til i. Men dei låg lenge i strid om kven som hadde veideretten. Så vart det avgjort på den måten at ein sæbygg og ein suldøling skulle gå frå kvar sin dal på ei sett tid, og den som kom først fram til hilderen, skulle ha veideretten.

Då setesdølen kom til møtestaden, låg suldølingen og kvilde i hidlere Austmannen fekk mistru til vestmannen og meinte han hadde gått til vegar kvelden føreåt. Det vart ei kvasstretta, og dei rauk saman i slagsmål. Til sist kom knivane fram, og det enda med at den eine vart drepen. I Suldal meinar dei at det var setesdølen som måtte bøta med livet, men der aust vil dei ha det til at det var suldølingen.

Etter denne hendinga tok det til å spøkja så fælt ved denne hidleren. I mørke kveldar såg dei ein mann som gjekk att og fram med eit manna¬hovud under armen. Folk likte ikkje å halda seg lenger på denne skremsle¬staden, så dei fann eit hæve eit stykke frå, som og vart kalla Tretthidler.

Det skal vera etter denne tretta og striden hidleren har fått namn. Men andre meiner at namnet kjem av at veidemennene kom trøytte fram til denne kvilestaden langt inn i heia.

Etter m.a. Peder Eeg, Johannes Gli, Trygve Bakka

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.