Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Tri kongar paa Jæren

I gamle dagar var det so fullt av kongar at det visst ikkje var godt aa halda tal paa dei. Daa var det tri brør som var kongar og budde, den eine paa Ædland, den andre paa Kalberg og den tridje paa Obrest. Ein gong hadde det vorte ufred millom Ædlands-kongen paa ei sida og dei tvo andre paa hi. Ædlands-kongen fór daa ned-etter-med Figgjo, paa austkanten av aai, og daa han var komen so langt som til Figve, daa vilde han va yver med ein stor stein som han tenkte aa kasta paa Kalbergs-kongen. Men han kom ikkje lenger en midt i aai, anten det no var for djupt eller straumen vart for strid, eller botnen for glatt: han stod daa midt i elvi og kasta steinen. Men steinen kom ikkje so langt som til Kalberg; han vart liggjande paa Aasland.

Korleis det sidan gjekk med ufreden, det hev eg ikkje spurt; men steinen er aa sjaa paa Aasland den dag i dag; han heiter Aaslandsnuten.

Det var eit mannslegt kast. Aaslandsnuten er eit fjell som stig 1000 fot upp yver havet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *