Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Trillebåra

Jordene i Ytre Senja var brattlendte og ofte fulle av stein. Det hende at gjødsla måtte bæres i sekk eller på båre oppetter bakkane. Den hende også ofte at dei drog gjødsla ut i kasse på vinterføre. I 1880-90-åra blei trillebåra tatt i bruk, og det gjekk ikkje lenge før ho var det vanlege transportmidlet på småbruka ute i Senja. På eit og anna bruket hadde dei og skaffa seg hest, helst i lag med naboen. Men i jordbruket elles gjekk det enno føre seg på den gamle måten. Når mennene var borte på fiske, var det kvinnfolka si sak å gjere våronna og berge buskagen fram. Det gamle ordtaket om at kjerringa måtte være «både merr og bjønn», høvde svært godt på mange stader der ute.

I denne tida hører vi også om det første forsøket på «mekanisering» av jordbruket. Ein mann i Trælvika fann på å legge skøyta utfor landet nedafor fjøsen. Så la han løypestreng frå fraukjellaren og oppetter bakkane, og let så motoren dra møkka opp i kasse etter strengen.
(Bernhard Johansen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger vi ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *