Kilde
OR GOMMOL TI (I)
ÆVUNTUR Å SEGNE Å STUBBA TAO VOSSASTROND’NE
Knut Bjørgaas
Andre utgave
Voss 1943
Utgjeve av folkeminnenemndi på Voss

Trodle i Hyrta-gjil’ne.

Pao Hyrt i Myrkdalæ hadde dai kvedn ni styggaste gjil’ne nehjao Storelvinne. Men dai hadde kje stort gagne tao’ne; f ‘y dar va ait fælt stygt trodl so heldt seg burtante i Bygdagjil’ne — ho è pao hine le’ne aot elvinne — å da fysta dai prøvde mala, so kom trodle, å so lòte dai r’ymma mè so gjort.

Dai talte um da haima pao Hyrt attù da va forgale dai inkje skulde fao bruka kvednæ si. Dao va da ain dai kadla Ola-Ivar — han va ain raodigù kar, å inkje so skrævinn so hine — han mainte han skulde vaoga mala lika væl, han.

Å ja, han laga seg te ain kveld, skulde ne å mala. Fystù tvo han seg i lòndkodla, so dar inkje skulde bita nokko ilt pao’an. So tok han ai kjøregryta å ait skjevla-kjippe å gjekk ne i kvednhuse å gjore upp eld. Kjøregryto hengd’an yve, å so slepte han vatne pao kvednæ. Men so va da kje lengje før trodle kom heldù; da hadde haurt kvednæ, å so skulde da sjao ken so inkje let da sova i fre. Da raiv upp kvednhusdøræ å stakk in fæla stygga hòve sitt

«Ser du andsikte eg føre ?» grumde da.
«Ja, men ser du supanne eg røre?» sa han Ola-Ivar.

Dao trekte da hòve endao lengùr in å bait te so kvast:

«Ser du andsikte mitt kor hardt da e?»
«Ja», sa han, «men ser du supanne mitt kor svart da è?»

So va da so da tinte i dao, å so sa da:

«Jau, jau, du va gjildù te snakka!»
«Stogga no, so ska du fao smakka!» sa han OlaIvar, å i da sama traiv han gryto å stoytte kokande kjøro midt i gape pao trodlæ. Å da te gaula å jamra seg

«Au, au, no fekk eg bitala!» sa da.
«Ja datta ska du ha fy du inkje letù folkje mala!» sa han.

Dao haur’an smaotrodlæ kor dai skratta burti Bygda-gjil’ne:

«Ka vilde du faost me han étte, han so hadde tvaie seg i hengjande vatn!»

Ette dan ti ha dai fengje male i fre i Hyrtagjil’ne.


Iondkodla, „nattpotte».
skjevla-kjippe, eit knippe skaven ved.
skrævinn, myrkrædd, fælen,

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *