Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Trolldom

Peder Dass


Ein gong fekk Peder Dass ordre om å koma til Danmark og preka på ei visse tid, og det var stutt tid å gjera på. Ikkje hadde han nokon til å setta seg over heller, men du veit han kunne noko av kvart. Så måtte sjølve Gaml-Eirik fram. Peder sette seg på ryggen hans, og så bar det ut over sjøen. Men styggen heldt seg så nere ned til vannet som han kunne, for han tenkte at Peder skulle bli redd og krossa seg og nemna Guds namn, for då hadde det vore putt ned, og så hadde han blitt kvitt han. Men Peder sa:

«Nå, satan, høyere opp og fortere fram,» og då måtte han i veret.

Dei kom fram til tida, men Peder fekk hare ei stutt tid å gjera på. Teksta skulle liggja ferdig, og så tenkte dei at dei skulle prøva å lura han igjen og la fram eit kvitt papir utan eit ord. Då Peder kom på stolen, såg han forst på den eine sida av papiret og sa:

«Her står intet,» og så snudde han det og sa: «Og her står intet, og av intet skapte Gud verden,» og så la han ut så hersjeleg om det.

Han hadde lovt Gaml-Eirik på førehand at han skulle få alle sjelene til dei som sov i kjørkja når han prekte. Etterpå klaga Gaml-Eirik for han ingen fekk og sa:

«Kunne nogen få sove slig som du buldra.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.