Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Trolldom

Ragnhild Blika

Ragnhild budde paa Blika, ein stor ven gard, som ligg som ei skorte øvst uppunder fjølle langt nordanfyre dei andre gardane i Svartdal. Det stod stort ord av Ragnhild, baade fordi ho var rik, og fordi ho var gram til aa trolle. Mannen hennar heitte Gisle; han au var væl inne i trollkonsti, heittest det.

Um vaaren, naar dei hadde køyrt ut myki paa aakrane nedi Flatdal, so kunde Ragnhild stande heime i tune og mana til seg kvart grande, og faa myki til aa breide seg paa Blika-aakrane. Um hausten var aakeren so ven paa Blika, at ingin hadde sett maken; men Flatdals-aakrane var tunne og skarpalege.

Ragnhild hadde eigong ein hjurding-gut, og so var ho jamt so knipi i maten. Kvar dag naar guten skulde av og gjæte, so fekk han med seg ei sill i braudlefsa. Men kvar gong han fekk lefsa, so gløymde ikkje Ragnhild aa aatvara honom, at han fram for alt, kva han gjorde, maatte akte seg væl aa ikkje brjote av sillebeine. Guten gjorde, som han vart sagd, og kvar kveld kom han traskande heimatt med sillebeine i nistekluten. Men sistpaa skyna han, at det var plent den same silli, han kvar dag fekk med seg og aat upp; men som var like god næste dag. Han vart lei detta, og for aa bli denna kosten kvitt, so fann han paa ein dag aa braut sillebeine av. Men um kvelden daa han kom heim, so var ryggen av paa Ragnhild au.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *