Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Trolldom

Steinar Aase

Steinar Aase i Brunkeberg livde kring 1700 og frametter.

Han hadde høyrt tale um, at kvar paaskeeftaen var troll-kjerringane i kyrkja og skrapa rust og eir av kyrkjeklokka.

So var det ein paaskeeftaen han fann paa aa reise til Brunkeberg kyrkje og la seg paa lur og vilde sjaa, um det var sant dette um trollkjerringane. Fann han seg so tvo moldtorvur, ei til aa stande paa, og ei hadde han paa hovude, for daa kunde ikkje trollpakki sjaa honom.

Daa det leid til midnott, so kjem det inn tri kjerringar ridande paa kvar sin sopelime. Kliv dei so upp paa stolane og stigar fraa den eine til den andre framyvi til altaren. Der byrjar dei til aa skrapa ljosestakane, og so kliv dei upp i taarne til klokka. Steinar totte plent draga kjensl paa dei, og var so forhipin etter aa sjaa væl paa dei, at han samla ikkje paa moldtorva paa hovude, men luter seg framyvi, so ho kless i golve. Daa var det ute for Steinar au. Trollkjerringane fekk auga paa honom og kringsette honom med hoggande hendar, plent som dei vilde eta ‘n upp. No fekk han tydeleg sjaa hokken dei var alle tri. Den eine var mor hans, Guro Aase, den andre var prestefruga i Kvitseid, den trea var ei rik og vyrdleg kjerring fraa Morgedal. Dei var eitrande sinna og tynde og tynde og tandra kvar med sin kjeft, og let um det at Steinar skulde faa like for moroi. Ingin var verr enn mor hans, ho vilde plent tyne honom med det same, sette ein fing i kvar av nasaborune og vilde hengje honom soleis utanfyre ein glugg i kyrkjetaarne. Steinar bad for seg, og lova at han aldri nokon sinn skulde fortelja det minste av alt han hadde sett til noko livande menneskje. Daa let dei ‘n sleppe.

Paaskedagsmorgonen var Steinar med kyrkja att. Daa messa var slutt, og folki kom ut, so gjekk Steinar burt til ein gamall gravstein og spende innpaa den, og so segjer han:

«De hende meg noko i gjaarkvell, som eg hev lova dyrt aa ikkje fortelja te noko fevanes menneskje; de skaa eg halle au. Men deg, stein, kan eg trygt fortelja de te, for du æ naa bare ein stein aa tier som ein stein.»

So reksta han upp alt saman fraa fysst til seinst, so presten og fruga og heile kyrkjeaalmugen høyrde det.

«Eg visste de, at eg va fødd av søndugt blo; men ikkje visste eg at mo’mi va trollkjering,» sa han tilslutt.

Presten og fruga var gruveleg harme paa Steinar etter detta. So sende dei bod etter ‘n, at ‘n skulde koma heim til dei. Steinar so gjorde au. Men det var kje anna dei vilde enn tyne paa honom.

Daa han so fór paa heimvegen fekk ‘n fysst finne, at han hadde komi ille uti det for gut. Vegaleidi heimyvi fraa Spjotsodd, der han var so naudende væl kjend fraa førr, vart reint burte for ‘n, so han seinstpaa ikkje visste anten nord eller sud. Alt tottest vera bakvendt, trei tottest stande paa toppen med roti upp, og det var plent raadlaust aa sleppa fram. Nedi fjorden attmed vegen lokka det og lo og hadde slik dragande magt, og han høyrde tydeleg det kviskra noko i øyrae sitt:

«Spring paa fjorden! Spring paa fjorden!»

Det var berre med naudi han heldt seg ifraa det.

No skyna Steinar, at dette var prestefolki som var ute med trolldomen sin, og la meinraadir i vegen hans. So legg han attende til prestegarden, for attende var vegen som vanleg.

Prestefolki hadde lagt seg til notti, dei; men Steinar vekkjer dei uppatt og bed um aa koma inn. Men nei, inn torde dei ikkje sleppe honom. Steinar var kjempekar, han, reint yvigongs, og presten fælde vel, at det kunde koma til vanke litt av kvart, fekk han koma inn. Daa forplikta Steinar seg paa, at dersom prestefolki ikkje rettsleide vegen att, so han kunde faa koma fram og gange i fred, so skulde det bli ei dyr greide for dei. Daa lova presten godt, og Steinar legg paa heimvegen att.

No gjeng det bra heile vegen, alt til han kjem heim i Haga-gjorde nedanfyre Aase. Daa stigar han beint i ei sleip grise-vom, og dett so lang han er. Uppatt reis ‘n og vil taka eit stig, men like eins gjeng det, og daa han skal sjaa seg um, so ligg det aaltekt med vemmar yvi heile gjorde, so det finst ikkje raad aa flytja foten.

Steinar baska og bala dera heile notti alt til ut paa dagsida, daa kvorv trolldomen burt so han fekk koma seg heim.

Dagen etter reiste Steinar beinaste vegen til Selgjordspresten, og av honom fær ‘n kaupe Svarteboki og gav 10 dalar i klingande mynt for ho. Men daa var Steinar berga, han au. No kunde han møte prestefolki paa hosta molle dei braut. Men dei totte aldri mun i aa prøva seg ei gong.

*     *     *

Steinar var kje fri for anna enn han bruka Svarteboki og gjorde einkvart spikke attimillom, han au.

Ein joleftaen var gamle Gunleik Heggtveit der uppe hjaa honom. Han hadde med seg ei krukke av joleøle sitt, som han vilde Steinar skulde smaka paa. So kom dei til sitja aa dahle og drikke utetter kvelden ei lang slotu.

Det var seint paa kvelden, daa Gunleik tak til aa snugge paa seg og vilde heimatt. Steinar vilde ned for tvert, at han skulde sitja der med honom utetter notti, og so liggje der til um morgonen. Men dette vilde daa kje Gunleik paa noko sett eller vis.

«Eg skø gjera vegjen sø for deg, at du ikkje slepp heimatt inott!» sa Steinar; han var hell tørren paa Gunleik, fordi han ikkje kunde vera.

Gunleik gjorde berre detta ut i gaperi, bad godnott og reiste. Men nedi Hagagjorde gjeng det honom, som det førr hadde gjengi Steinar. Han stig i vemmar kvar han vender seg, og gli og glett og stupar og dett, so han kjem kje av tverrande staden.

Men Gunleik veit raad, han, kastar seg paa ryggen og krintar seg som ein kokul nedyvi heile gjorde og radt nedi Heggtveit-tune — daa var ‘n berga.

«Men hoss iallverden kom du heimatt i gjerkvell?» segjer Steinar, daa han um joledagsmorgonen raakar Gunleik med Brunkeberg kyrkje.

«Eg krinta meg,» svara Gunleik.

«Aa haa,» sa Steinar; «eg kom ikkje ihug den utvegjen eg, helles sille nok ikkje de ha mona deg,» sa han.

*     *     *

Eigong hadde Steinar ei bakstekjerring. Ho vilde aldri tru, at Svarteboki hadde magt til aa løyse Gaml-Eirik.

«Vi du eg skø søne deg ‘n?» sa Steinar.

«Ja, gjer de, du, viss du kan,» svara kjerringi.

So reiste Steinar ut i ein kove, og um eit bil kjem der inn ein kar, som var andorskeleg aa sjaa; noko var gris, noko hund, noko likna ein bukk, og honn og klauvir og kløar hadde han. Kjerringi vart so skræmd, endaa det var ljose dagen, at ho ropa paa Steinar mest ho orka. Daa kom Steinar inn or koven og batt styggen att.

*     *     *

Daa Steinar budde paa Dalann, var det ein som bad ‘n um aa faa sjaa Gaml-Eirik.

«Sjaa utpaa tone!» sa Steinar.

Daa dansa der tvo svarte bikkjur i ring.

«Ser kje Sattan verr ut sø æ ‘n ikkje sø fæl,» sa mannen. «Du skø a faa sjaa ‘n paa ett ana gjer,» sa Steinar. Men daa bad mannen um aa sleppe aa sjaa ‘n.

*     *     *

Guro, mor til Steinar, var au grov til aa trolle. Um vaaro heittest det, at ho sat og trolla gras i kasine for kyrne, naar det var lite med beite.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *