Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Trollfølgje på Skålbrekkmyra

Det var ein julaften at ein mann skulle gå over Myra mellom Skålbrekk og Straumsjø. Midt på myra får han sjå eit lys framfor seg. Dette undra han seg over, for Kleiva skulle komme i vegen, så han ikkje kunne sjå lys hisides myra. Best som han går kom det ein kald og beisk vindrossa frå sida som kasta han av skiene. Han kom seg på skiene att og går vidare. Men då blir skiene mest urørlege. Dette undra han seg over. Då kom det rullande to svarte tynner mot han, og fauk forbi, og utor tynnene myldra det av små rare skapningar — ein heil hær med småtroll, tenkte han. Og trollfølgjet hadde han i hælane på seg til han såg ljosa på Skålbrekk, då kvarv dei bort, like trolske som dei var komne.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *