Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Trollkatt vart det nok tala um i Etndale…

(Simen Lofthus fortel)

Trollkatt vart det nok tala um i Etndale med, seier Lofthus, då samtalen kjem inn på dette.

Det går mange fråsegner um kjerringar som hadde trollkatt. Eg skal fortelja um ei kjerring — namnet hugsar eg ikkje. Ho hadde inkje krøter heime um sumaren; men ho briskjeloga og pynta upp hunkor te kvar kveld mest som ho skulde ha vore ei fullbolskjerring. Kjørekli sette ho ut i eit ser rom. Um morgonen var dei vel mette med mjølk, som var so lunka at det rauk tå ‘n. Ei gjente som var hjå ‘n, totte dette mjølkestellet såg nokolite rart ut. Ein morgon stal ho seg te gå etter ut i mjølkeromet. Då kom ho nok litt uventa på kjerringi, for i det same ho stod i døri, fekk ho sjå at trollkatten trilla burt-etter blandt hunkone. Men kjerringi visste råd. Ho slo ein skrukk på nedre kanten av stakken sin, og so mulla ho noko. Og dermed kom trollkatten att og hoppa upp i stakken hennar.

Trollkatten for umkring og mjølka kyrne til andre. — Det var mykje strev med å få te ein trollkatt. Fyrst klypte dei hår tå ymse krøter. So blanda dei i dette sylvkje-stubbar tå noko dei kalla kastekje (kjede). Teslutt blanda dei dette med altarvin og altarbrød. Alt balla dei so inn i eit turrklæ og la det i sengi si og mestsom vermde på det som ei høne på egg. Når so langt leid, vart det ein trollkatt av det.

Det var ein som heitte Gudbrand, som saman med nokre andre, sat i kyrkja ei jonsoknatt og vilde få sjå trollkjerringane. Den kvelden skulde slike kjerringar gå te altars, og Satan sjølv skulde vera prest. Ja, dei tok då plass i kyrkja. Og dei slapp vente lenge før dei fekk høyre at dei kom. Styggen sjølv gjekk føre i fullt ornat og ei heil reig med kjerringar kom labbande etter. Då fekk han Gudbrand sjå mor si i flokken. «Der e ho mor me!» sa ‘n. Men då vart det burte alt i hop. Han skulde ikkje ha sagt noko, veit du.

Les om Simen Lofthus her:

Hjå Simen Lofthus


Fleire gode etnedøler sa: «Ska du veta gamalt frå Etndale, må du sjå åt få tala me han Simen Lofthus. Jeie ko mykje undele han veit!» — Men no bur han Simen Lofthus mest ytst i Etndale, ute ved Lunnebrue. Det er soleis ikkje nett etter ålmannvegen for ein leiring. Fyrst våren 1934 laga det seg difor so at ‘eg kunde få svalle litt ved den gamle heidermannen.

Han hadde teke te «skora på hødne» han Simen no. Te hausten vart han 79 år, let han. Det var ikkje so mykje gamalt han visste; men det vesle som var, skulde eg meir enn gjerne få vita.

Um Simen Lofthus sjølv

Um Simen Lofthus sjølv skal seiast dette:

Far hans heitte Johannes og var fødd i Sørum, ein heim trast neda Svea ved Toåslina. Mori, Marit Syvers-dotter, var fødd i Tørrhaug i Etndale. I ung alder kjøpte faren Lofthus. I gamal tid hadde heimen vore ein plass under Nøre Lunne. Her vart då Simen fødd, og her er han alen. Han hadde tvo syskin og; men båe er burte, barnlause.

Simen har gått i skule berre i den gamle umgangsskulen, men endå skriv han so fint at han gjer skam av mang ein skulelærd.

Um skuletidi si fortel Simen:

«Skulerota i umgangsskulen her var Lunne, Molandssveen og Solbjør. Meste tidi var skulen på Lunne. På Molandssveen og Solbjør fall det berre ei vike skule på kvar stad for vinteren. Skulen tok te ved vinternettene og heldt på te jonsok. Men det var berre halvparten av denne tidi det var skule. Læraren hadde 14 dagar her, og so 14 dagar i Breie heile vinteren igjenom.

Den fyrste skulevinteren min var ein halending lærar her. Sidan hadde me Ola T. Skinrud frå Bagn. Me las i Jensens lesebok, skreiv i skrivebøker etter føreskrift av læraren og rekna på steintavlor. Og Skinrud var ein gild lærar som prøvde lære oss mykje. Men mange tå skulegutane var stive knassar (ulydelige og uskikkelige gutar), so det var ikkje greitt vera lærar.

Ein dag hadde ein gut gjort noko gale. So skulde han smaka linealen. Men med det same slaget fall, hogg guten tak i linealen og heldt. Då kann du tru det vart spel! Guten var sterk og slepte ikkje taket, og læraren vilde ha att linealen. Ingen vilde gje seg. Leiken lykta med at linealen gjekk av, og guten slapp med ein liten lugg. Ungane var leidare før i tidi. Det munte ikkje kor mykje juling dei fekk.»

Etter prestegonga laut Simen te med snikkering og timbring. Faren dreiv med desse attåtyrke, og no vart då han skulemeisteren hans Simen. Løni for ein timbermann var for det meste ikkje over 1 ½
mark for dagen.

«Hadde ikkje dei gamle timbermenn mang ein gamal skikk og eit og anna som dei beit seg mark i når dei timbra? Korleis det skulde gå med huset o. likn.?» spør eg.

«Ikkje so mykje, det eg hugsar. Jau, det var eit lite dyr som me kalla rau-temmermann. Når det kom krabbande upp på timbra, gjekk det kaldt ut over oss. Det var visst mark på at huset skulde koma te brenne.

Og so fekk me stundom mønsåsskål når timbringi var ferdig. Me slo då ei liti granbuske på mønen te mark på at no var mønen lagd. Og so vart me bedne inn på dram eller puns.»

«Eg har høyrt at du i ungdomen skulde havt tæring; men at du vart god att på ein slik snodig måte. Fortel um det?»

Simen ser ålvorleg på meg, og so tek han teords:

«Det er sant, det. Ved 16-års alderen fekk eg vondt i bringa og gjekk der veik og vesal og minka burt. Eg brukte då ein skilleg radikal kur: Eg drakk skjeivatn, som eg fekk kjøpt på apoteket på Gjøvik. Fyrste dagen drakk eg ein drope i ei mat-skei vatn, andre dagen tvo dropar i vatn. Soleis heldt eg på te eg 30. dagen drakk 30 dropar i ein kopp vatn (1/4 liter). Næste dag drakk eg 29 dropar. Hin dagen 28 osb., te eg siste dagen drakk ein drope skjeivatn i ei matskei vatn. Då kuren etter tvo månader var slutt, var ogso han Simen frisk att.

Kost eg fann på ta te med ein slik hestekur? Jau, det skal eg fortelja. Det var folket mitt som fortalde um rådi. Men dei hadde fått vita ho hjå ein lassekøyrar som for med bondevare frå Valdres te byen. Han heitte endå Per i Berge.

Toåslina vart bygt i 1860. Men føre den tid gjekk byvegen over Toåsen um Breie, og ned dei hoggbratte bakkane te Blåflat og so utgjenom dalen. Ofte låg og kvilde det då byfararar her på Lofthus, soleis ogso Per i Berge.

No var det ofte trøyttsamt og vondt gjera byferder. Og mang ein gav seg ein knekk. Per i Berge vart ogso sjuk. Han fekk lungesotti. Per for vanleg te byen med finaste bondevara, og i byen tala han difor med dei finaste folk. Soleis fekk han høve te søkje hjelp hjå ein dokter som attåt var professor. Då han siste gongen hadde granska Per sa han: «Far heimatt o bu de på å døy!»

Det var — som ventande kunde vera — med tung hug han Per drog på heimveg den gongen. Med han køyrde etter dei lange vegar, kom det ein dag ein halvtuslut kar burtåt lasset te han Per og bad um å få aka. Per var ein gjemeinsleg kar og sa ikkje nei te det. Men då karane sat der på lasset side um side, kom det so sterkt for Per, at dette kunde ikkje vera noko anna enn ein haugakall. Snart sat karane likevel i god svall. Og Per fortalde då haugakallen um den tunge livslagnaden sin. Då sa mannen:

«Du få prøve ei rå so e ha brukt!» Og so fortalde han um korleis han hadde lækt seg med skjeivatn. Trast etter takka kallen for skyssen, og burte vart han.

Per fekk seg tak i skjeivatn trast det vart høve te det — og vart frisk.

Året etter var Per atter i byen med bondevare. Han fann då for godt å gå inn te professoren som hadde dømt han frå livet. Men då kann du tru den lærde mannen vart undren. Per laut so fortelja um kuren. Då sa professoren: «Mø hadde gjett de alt de skjeivatne mo hadde løv te!» Dei hadde gjeve for lite, skjøner du.»

Anten det no var rådi åt haugakallen eller noko anna som gjorde det: Simen Lofthus vart no liv lage, han. 31 år gamal gifte han seg med ei ferm, snodig gjente, Mattea Hansdotter Øygaren frå Søre Land. Eit år budde dei i Oppeisbakka i Aurdal, tvo år i Hovdesveen, tre år på Kringle, tvo år på Li og eitt år på plassen Dørstugu, alle stader i Etndale. So vart han bonde på den vesle garden Lofthus etter faren. I snart tvo mannsaldrar har han no fare frå hus te hus i Etndale med høvel og sag. Få kjenner denne dalen og folket der so godt som Simen Lofthus. Difor let me han no sleppe te seia fram sogor frå gamle dagar.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *