Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Trollkatt


Trollkatt var det mange som hadde i gamal tid. Her i Aurdal var det ei gama' kjerring dei kalla Kari, som hadde trollkatt. Han såg ut som eit grått bustenykla.

Då ho Kari var i velmaktsdagane sine, tente han far, Nils på Flate, hjå Erik, gastgjevaren i Aurdal. Han Erik hadde tvo kyr, som tenestgjenta hans stelte. Ein vinter hende det noko snodig i fjøset hans. Den eine kui hadde endå nett bore. Ein morgon gjenta kom åt fjøset, var kui som ho skulde vore mjølka. Då ho kom innatt, tala ho um dette te han Erik.

– Du får sjå ette om noko e innve 'o, sa han.

Då gjenta kom åt fjoset og skulde mjølke att, hadde ho med seg ei kokande vassbytte, som ho skulde ha på sørpi åt kui. Då ho såg te, so jaumi sat det ikkje eit grått, lite dyr under kui og tøygde seg upp og saug. Men gjenta var brennande snøgg, ho, te kaste forklædet sitt over dyret og hive det ned i den kokande vassbytta. So sprang ho inn te han Erik og sa frå kost te stod. Han vart med åt fjøset.

Ress so best det var, kom det ei kjerring. Og ho var so forferdeleg tyrst. Ho laut få noko drikke, sa ho. Dermed sa han det, han, som kui åtte:

– Jau då, du ska få drikke, du!

So fleiste han te kjerringi i kjeften so blodet skvatt. Dermed fór kjerringi att.

Når ein fekk ut blodet på trollkjerringane, so dugde dei ikkje meir. Og det visste nok gastgjevaren. Det var nok ho Kari som fór fanteferdi si den gongen.

So var det ei onnor trollkjerring dei kalla Ragnhild i Haga. Ho hadde trollkatt og brukte han med, skal du høyre.

Ein vår gjorde ho tenestgjenta si på stølen te å stelte fereløten. Det er dei fyrste fjortan dagane eller tre vikone på veståsen, på stølen. Kjerringi treng denne tidi te stelle i stand heime te stølsferdi.

Før gjenta fór på stølen, sa ho Ragnhild te henne:

– Når du no sila opp mjølke mi, ska du allti seta ein tom silingsbunke jamsis den du sila i.

Dette var nok gjenta svært forøvi på. Men ho gjorde som matmor si sa. Og anten du trur meg, eller ei, so var det kome mjølk liksovel i den tome bunka som i den gjenta hadde silt i, når ho kom ut i mjølkebui att. Men ho var ikkje grei, den tenestegjenta! Ho fann på at ho sette tvo tomme mjølkebunkor jamsides den ho hadde silt i. Ho vilde sjå um båe vart mette. Då ho um ei tid skulde sjå uti bui att, var ho full den eine bunka. Den hi var det kome noko mjølk i, men der låg trollkatten dau! Ho hadde nok sett han for hardt lage!

Men då var det ikkje lenge for kjerringi som ho tente hjå, kom på stølen drivande so ill at det frasa tå henne, for det at gjenta ikkje hadde gjort det som ho skulde. Ho fekk ikkje meir godt av trollkatten no, veit du.

Trollkatten laga trollkjerringane tå mangt. Dei tok soleis oske or andre manns årar eller peisar på stølane før folk flutte dit um våren. So fekk dei tak i nautehår tå krøter som dei vilde skjemme. Pinsaftan var dei i kyrkjetårnet og skrapa eir tå kyrkjeklokkone. Alt dette mengde dei ihop te ein trollkatt.

Han far tente ein sumar hjå Ragnhild i Haga. So skulde han på stølen hennar um våren og gjerde. Det var endå so tidleg på våren at ikkje alle var komne på stølen endå. Før han fór, bad ho honom å gjera seg ei snodig tenest. Han skulde ta ein bordkniv, og so skulde han gå åt tre årar og ta tre gonger oske på knivsodden på kvar åre. Denne oska skulde han ha åt åren på stølen hennar eige. Men han far vilde ikkje gjera dette. Han skjønte at oska skulde nyttast te trollkunster. Ho fekk soleis ikkje nokor nytte tå kunsti si denne gongen. Oska skulde nok vera te hjelp for trollkatten hennar. —

Ein gong var det nokre som hadde mistanke um at troll-kjerringane dreiv i Aurdalskyrkja og skrapa eir tå kyrkjeklokkone pinsaften. So stal dei seg åt kyrkja og skulde sjå dei. Ein av dei som var med i kyrkja, var Knut, sonen te ei dei kalla Ragnhild. Ress so best det var, kom alle trollkjerringane
ruslande ned or tårnet. Då skreik han Knut:

– Å jamen e ho me, ho mor, me då!

Dermed fór karane avgarde. Dei hadde gjort ærendet sitt! –

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *