Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Trollkatten


Her i Øye var det ei kjerring i gamal tid som hadde ein trollkatt. Ein dag vilde ho sende han til arbeids for seg. Ho sette han ned i eit åtloka bidne. So bad ho tenestgjenta si gå med han til ein stad ho nemnde. Men då gjenta var komi upp på ein knatt, fekk ho hug til glytte på loket. Då slatt trollkatten ut. Meir veit ikkje eg!

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *