Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for å lese om Anne i Espelibrøta

Trollkjerring-svall

(Anne i Espelibrøta, or Muslerudsveen, hugsar mykje frå gamle dagar)


For lenge sidan levde det ein gut dei kalla Embrik på Rabbe. Han gjekk ein sundag på ei offermesse. Ved altaren fann han ein tull i eit lite plagg. Det var knytt i hop etter alle fire limpane. Han kneip tullen og gjekk opp i Torkjellstogo og løyste han opp.

Og veit du kva som i var: Jau, angeroddar, folkehår, sauehår og mykje anna som eg ikkje kan uttolke. Dette var nok eit trollkattemne. Ho som skulde ha seg trollkatt, hadde nok mist det.

Dei som samla etnne til trollkatt, plukka ogso klauve-tupp. Det er den lorten som tyt ut mellom klauvene når kyrne går etter ein lortut veg.

Når alt vyrke var samla, bles dei liv i trollkatten, sa dei. Det må vel vera slutt på denne trollskapen no.

Men i gamal tid vart du ute for han ofte.

Kom ei trollkjerring springande og bad om drikke, skulde du dra tå deg vinstre skoen og slå trollkjerringi i kjaften so blodet skvatt.

Var det nokre gapar som var skjotvorne nok, so kunde dei få sjå trollkjerringane jonsokeftan. Då møtte dei opp i kyrkja til satan og fekk vin og brød.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *