Kilde:
Årbok for Helgeland 1977

Trollkjerringa på Moldrem

Attfortalt av Trygve Nordås

Vi veit omlag sikkert at han «Tuv-Lars» skreiv «Trollkattviso», mynta på denne kvinna. Folke meinte ho hadde fortrollingsevner, at ho nytta trollkattene sine, og at ho kunne kunsta å blande «kjærleiks-eleksir» i drikke. Slik var det at ho fekk døtrene sine så godt gift.

Etter det eg har hørt fortalt, var denne kona storvekst og hadde mørk andlets-farge og ei nedervings-kraft, slik at etterslekta jamt har mørk andletsfarge. Døtrene hennar var store og uvanleg sterke. Det skreiv seg truleg frå tungt kroppsarbeid. Dei skulle vera nokså mannhaftige, tok ryggtak seg i mellom, ein leik, og var livsfriske og viljesterke i all si ferd.

Som omgangsmenneske i grannelaget var det ikkje noko vondt å seia om kjerringa på Moldrem. Ho gjorde rett og skil mot alle. Men så var det dette at dei mindre pene døtrene hennar vart så godt gifte! Ovundsjuka er ein tærande brann, kanskje helst hos kvinnfolka. Dei såg så mykje på at desse døtrene fekk ei framtid rik på gods og gull.

Det var tre gardmannssøner, ein frå Remma, ein frå Marka og ein frå Kulstad som hadde snakka saman om å ta seg ein tur til Røssvassgrendene og få tak i breiarjenter i slåttonna. Oppe ved Røssvatnet tok dei gierne til fjorten dagar seinare med slåtten.

Ein brennheit solskinsdag like før slåttonna var dei på tur opp Austerbygda. Dei skulle gå gangvegen over Blanktjønnhaugen, Kalvmones, Herringbotnfjellet til Tustervatn. Men dei stansa litt i Nergarden på Moldrem for å kvile seg mens solsteiken var på sitt verste. Først fekk dei den tørstedrikken dei bad om, utanfor døra der. Men då det såg ut til at desse gardmannssønene hadde god tid, vart dei innbedne til eit matmål.

Dei sette seg på stolar som var bydde fram. Straks kom tre kattar og hoppa opp på knea til karane, ein katt åt kvar mann. Kattane mol og godluna seg, og klørne fann veg litt lenger enn godt gjorde, tynnkledde som karane var. Drøset kom snart i gang. Dei fortalde kva erend dei var ute i, og kor dei hadde tenkt seg.

– «Men her er då tre friske jenter, kanskje vi får kvar vår til breiarjente?» spøkte ein av gutane. – «Nei, dessverre», sa «trollkjerringa», – «her er så lite karhjelp på garden, jentene må nok som tid ta til Ijåen og hjelpe til med slåtten, men ei vekes tid kunne det gå. Vi er gierne ei veke seinare her oppe enn dåkk på Kulstad og Remmå.» Døtrene grein helst til dette snakket, men mora sa:
– «De’ bi no nåkker skjellingæ!»

Etter å vera velstelte med mat og kvile, tok desse gardmannssønene fatt på ferda mot «fjellan» (såleis var ordet om Røssvasstraktene). Då dei kom opp på Blanktjønnhaugen, sette dei seg. Solo skein så brennande varm, men ein spak, god vind kjølte her. Så sa Kulstadguten:

–    «I natt skal vi nytte svalheita, gå like fram til Tustervatnet. Når Tustervatn-folket står opp i morgo, har vi tent varme som dei ser, og så kjem dei roande etter oss.»
– «Eg har helst løst å snu», sa Remmåguten. «Det kleiar så besætt der kattklørne stakk.»

Dei snakka noko «sjanker» saman om desse mindre pene jentene på Moldrem.

– «Ja», slutta guten frå Marka, «dei kan nok va utmerket å pløy og harv mæ, men noko anna? Hø!» snøste han.

I staden for Røssvass-tur ga dei seg til å fiske i Herringelva, «dreiv dank», som vi seler. Om to dagar kom dei tilbake til Moldrem. No var det alvor, dei hadde vortne vondregne ei vekes breiarhjelp, «noko tull no måtte det ikkje bli!»

Så valde dei ut kvar si jente, og kvar nyttg same orda:

– «Det er du som skal vera breiarjente åt meg!» – Det var ingen tvil om kven kvar skulle ha.

Desse gutane var holdne for å vera rettelege jentefutar. No fekk dei lære ei ny lekse. Breiejentene frå Moldrem var særs gjeve i onnearbeidet, men elles var det ikkje råd å få bukt med dem.

Den jenta som kom til Marka, vart der berre ei veke og kom så heim til Moldrem og hjelpte til med slåtten der. Men gardmannssonen frå Marka vart nattleg gjest på Moldrem, pågåande over all måte, men vart rett og slett utkasta, såg berre som snarast ei jente i bursdøra, høyrde kor ho skratta og sa:

– «Kom igjen når det er førelyst for oss i Dolstadkjerkje!» – Dermed small bursdøra i lås.

Noko i same lei gjekk det med dei to gutane frå Remmå og Kulstad, men i meir rimelege former. Sams for alle tre var at det vart giftarmål før året var ute.

Dei halvkjærestane som dei før hadde hatt, trudde at det var trolldomskunster med i spelet. Gutane såg ikkje lenger etter deim.

Svograne sat sia ein gong i eit drikkelag og skrytte av konene sine. Då sa den gode Remmå-bonden:

– «Ja, ikkje ein dag har eg angra på denne giftinga, men trur dåkker ikkje det same som eg, dæ mått va dasæ (desse) kattklørn’n?»

Frå desse orda hans har truleg «Trollkattviso» sitt utspring, denne som han Tuv-Lars» i mølnhuset dikta åleinæ, – og viso skreiv han mæ skrallteinæ.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *