Kilde
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Av RAGNVALD MO
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”Forordet” til boka.

TROLLKJERRINGAR

Karen Kristenst


Ho Karen Kristenst på Rognan var mistenkt for trollskap heilt frå ho var tausa. Men den dagen ho stod brur, fekk folk syn for kva ho dugde til.
 
Alt med dei var i kyrkja, var ein av heimstyrarane og reidde upp brursenga, og under dette kom ho frami ein gannpose; det fanst både hår og daumannsbein i den.
 
So i den tida dei kom baker til brudlaupsgarden,vart dei vis nokre båtar som kom innetter fjorden. Det vart då gissa på at det laut vera brørne til brura som kom til brudlaupet; for ho hadde to brør som var buande i Bodinfjerdingen. Men med dei stod og røsa um dette, vart båtane burte, dei. Straks deretter tok ho Karen til å bli so styrande av seg; ho rende uppetter veggene og hålla og skreik. Og alt med ho dreiv på slik, tok fleire til å få det på same viset. Slik gjekk det no unda for unda, til det sluttpå var berre tre som tedde seg som folk. Den eine var kymeisteren, han Ole Jenso på Sundby; so var det han Jens Ivarso på Røkland, han skulde vera spelemann; men den tredje minnst eg no ikkje.
 
Ein frå Lillealmenningen, han Ole Benjamin, var so galen med denne trollria stod på at dei laut vera alle tre for å halda styr på han.
 
Mannen hennar Karen heitte Bent Willamso; ein bror hans heitte Ole; han var gift med ho Vassbotn-Elen.
 
Denne Ole Willamso var ein slik ferming, det Flink jektbyggjar, og elles dyktig med alt, so han var jamt med der det var noko å gjera.
 
Ein laurdag han var på Rognan, hadde han vore inne hos brorkona på Skansen. No var ho Karen ei som jamt hadde det urøddig og vanstelt i huset. Denne gongen laut det vel ha vore reint or vona; han Ole skrata henne upp, og sa ho skulde sjå til å fli um medkvart. Men ho berre bles til det,og let som so han skulde berre sjå til so det ikkje grodde over heime hos dei sjølve.
 
Dette var ein laurdag, som sagt. Um måndagsmorgonen var han Ole roande nedetter vatnet, skulde i bygda på arbeid. Ja,då han var komen eit stykke,marka han det tok til å kry innum skjorta.
 
Eg vil no inkje tru so gale det er lus,var det fyrste han tenkte. Var so med handa innpå barmen,og kom baker med ei. Slik stelt vilde han ikkje fara lenger. So rodde han heim og ranga klean av seg. Og då han skulde sjå til, var dei ballrund av lus.
 
Ho Karen hadde ei dotter som heitte Benjamine.
 
Eit tak for ein glunt av Næstby og gjekk etter henne. Ja, dei var forløvva på det siste; men so slo han upp. Og dentid ho Karen fekk det å vita, strauk ho til Næstby, og tok i ferd med glunten. Millom anna hadde ho svore på det han aldri skulde bli gift. Og det gikk slik. Glunten hadde ei onnor gjente ei tid deretter; og denne gongen kom det so langt han stod påkledd for å gang i prestegarden og få forelyst. Men det gjekk no sørr den gongen òg, so nære det var.
 
Ja,Karen gjorde mang ei ubye i si tid, ho. Ein sumar i den tida dei venta jektene av Bergen, kom ho i stua åt henne Marta Olst og gjekk på etter mjøl. Ho Marta sa no som sant var, at ho var fri. "Du få kom baker når jekta e komen, so lyt da bi ei rå", sa ho. Men ho Karen skapte seg vrang, og lova illt over mjølet hennar Marta. Ho skulde ikkje få stor glede av det, sa ho. Og slik gjekk det. Jekta kom,og det bar til å føra i land. Dei hadde ein flunke ny ottring til føringsbåt. Ja, so ein dag alt med dette stod av, hadde dei lagt ottringen frå seg med kornlasta i, med dei var heime til mål. Men då dei var baker, var båten nedsokken. Og i denne ottringslasta var det kornet ho Marta skulde ha av.
 
Ho var ein dag komen til Saksenvik å tigga syre, denne Karen. Dei sat just i eldhuset og åt middagen, dentid ho kom. Men mannen var ikkje noko motig på å let henne få; så prøvde han å lyga henne frå seg.
 
"Syre ha vi no allti; men ho e inkj ferdi."
 
Å, syra var ferdig nok, meinte ho Karen. So peka ho på tunna som stod i kråga. Og med so sagt strauk ho på dør.
 
No var dei redd ho kunde koma baker til eldhuset etter dei var utfarne. Og so vart to gluntar sett til å vera der til dei såg båten hennar Karen leggja frå land. Men so lang ei ventetid kom det ikkje til å bli; for innan dei hadde tala ut um dette, skræna banda av tunna,og syra utover golvet.
 
Ein annen gong ho var i Saksenvik, gjorde ho åt med ei ku hans Kristian Olso. Ho kom og tigga kjøt; men kallen viste henne burt. Dei hadde ikkje kjøt å gje frå seg, sa han.
 
"Nei, nei, da få so ver, da,"sa ho Karen. "Men du ska få et de styggjen på kjøt herett."
Ja, då dei kom ut, låg beste kua deira klar i bugarden. Ho var inga god knette å bli ustelt med, ho Karen.
 
Når ho for slik i gardane, hadde ho jamt ein vase med ungar etter seg. Du veit kor ungane er; dei er som sveo, allsta'n frame.
 
Ein dag ho var gangande i Rognfjøra, hadde nokre halvvaksne gluntrakkarar fare og drive ap med henne. Ho vart då so sint ho gjorde noko som eg let vera å seia. No låg det ein båt der som var seglferdig til Lofoten; og mannskapet hadde vorte vis kor ho Karen bar seg åt. So var ein av dei og skrata henne for dette. Men det gjorde no ingen mun på ho Karen.
 
"Snask å hald kjeft me de! Du ska sjøl få vis baken innan kvelden."
 
Ja, då dei kom ut i fjorden, fekk denne same karen slikt magevondt, so han visste ikkje kor han skulde berga seg.
 
Det var so forgale med denne trollskapen hennar sluttpå, at presten formeinte henne å stand fadder.
 
"Karen Kristensen vil jeg ikke ha som fadder; thi det blir et hode for lite da, "sa han.
 
Då ho var død,vilde dei ro liket ut i fjorden og søkk det ned; og presten skulde vera den som var mest for det. Men so var det nokon som fekk dette avstyrt, so ho Karen kom seg i vigd jord, ho òg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *