Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Trollkjerringer frå bygdene rundt møtte opp…

 

Ein gong hadde ein kar frå Einerud vori på Sandnes om juleftan og kjøpt smør. Om natta vart’n søkk borte. Men det hadde kommi ned såpass at det var god sporsnø, og de kunne følgja slavegen ratt åt Dambakken, men der vart sporet borte med eitt. Det var da de som visste å fortelja at trollkjerringa måtte ha teki han der og reist med han; for så mye hadde de hørt om slikt at de skjønte det.

Einerud’n kom sia fram att oppmed Einsbergeti (Einsberget er Øynsberget på Øyen i Storsjøen). Der var det møtt fram trollkjerringer frå bygdene rundt om, og sjølve Styggen var der au. Han slog opp i digre bøker og ville ha Einerud’n til å skrive seg inn. Men nei, han knasa i mot. Han hadde teki opp att dåpspakten sin, sa han, og han ville ikke gå ifrå den. De kom da ingen veg med’n og måtte sleppe han heim att.

(Ole Damlien)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *