Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Trøllkuin på Høllén…

Segner og soger

Halvor Folkestad fortel:

Kuin på Høllén jekk ve Mjeltetjønn å Skartjønn å bette. Mor mi å eg skulle opp å hente dem. Ho va så flink te å lokke. Ho blei me opp te Meddagsnuten. Dær hørdde dem ho så gått. Me klatra opp på framsia. Dær e så bratt. Me sette konn på vær konas stein på toppen. Me såg ikkje ei ku sjøl om me såg utover te Mjeltegvolven. Normalt skulle me ha sett kuine. Så sitt me dær å pratar å ho lokkar. Så fær ho plutseleg sjå kuine heilt innast i een på Mjeltegvolven mot Nybufjelle. Dær e ein fin avsats utover mot Oksladalen. Me mangla 39 kuir å de jekk 39 stykkji borti dær. Eg hyv’n fart, å ho satt ijen. De e nokså langt bortover au, eg sprang bortover så fort eg kunne å kom bort. Ikkje ei ku va å sjå! Eg fôr ront omkring oppi dær eg hadde sett dem. Ikkje spår — å ikkje kulort! Eg blei heilt forstyrra å skjønde ingen ting. Kva kunne dette ha seg? Eg måtte leite meir etter dei sjølsagt. Te slutt fant eg dei ve Store Holmen. Langt ifrå dær me hadde sett dei. De va umaugeleg å sjå kuine frå Meddagsnuten når dei jekk ve Store Holmen. Men heilt sikkert va de at me såg kuine Øverst i Mjeltegvolven. De va trollkuir, sa mamma.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *