Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese Nils Olson Vindingstad

Trollpakk

(Nils Olson Vindingstad kan gamalt)

Nedi Haugo Udde det for lenge sidan ei gjente dei kalla Seber Pedersdotter. Ei natt vart ho so ille ute. Fyrstundes på natti etter at folk hadde sovna, skvatt ho upp or svevnen og skreik:

«De e eit troll so har tre huvu, so vil ta me, men no fór, de ut att!»

Far hennar reis upp og tok gjenta si på armen og gjekk ut. Då peikte gjenta uppover etter nørdre jordesgarden og sa:

«No går de frå garde der!»

Då sette far hennar i med ein salme. Det var endå den som står på påskedagen. Kost er det han tek til då? Jau, det var denne:

«Din Herre Krist Dødens bånd.»

Då han hadde sunge, gjekk han innatt. Sidan vart ikkje gjenta ute for meir.

Gjenta vart sidan gift med ein svenske og sette bu nord for Arvika.

Du har nok sett ein fjellknatt ova Køllstadbygde dei kalle Runde-Mellin. Der budde det i eldgamal tid eit troll dei kalla Kristen Melle. Lenger inne i fjellet står det ein stor, ruvande fjelltopp som heiter Skage. Der budde det eit anna stort troll dei kalla Gunnar Skag. Desse to trolli var ofte hjå einannan i gjestebod, som gode grannar kan vera.

I gamal tid kunde dei ei vise om trollskapen i båe fjelli. Eit vers lyder so:

«O mehanken fór åt Skage!
Der song han både grovt o grant,
so Toreknatten (noko av Skagstinde)
dreiv tå sin skans
o kom ned att langt sø på myro
o slo i hel tryå tå bussekjyro.
So fór han åt MeIla, der råkte han
sine sella. —»

— Trolli i Mella var so vidfarandes. Sume var jamvel i «byen». Um det var han Kristen Melle denne soga talar um, skal eg ikkje seia for visst:

Ein gong var ein mann or Køllstadbygd’n i byen. Det var til og med jole-eftan. Som han gjekk og reika etter gatone, råkte han på ein mann, som spurde han kvar han åtte heime. Ja, han fekk då vita det.

«Vil du ‘kji heim te jol, då?» spurde framandkaren.
«Jau, e vil nokk gjedne,» sa Kallstad-man’n, «men no li de so nemme inn på jol at de e urå.»

Dermed sa han det, framandkaren:

«Vil du fulji me, so ska du nokk koma heim.»

Ja, det var Køllstad-mannen huga til.

Kva slag køyregreide mannen hadde, er ikkje umgjete. Korleis det gjekk på ferdi, la han ikkje større merke til. Men fort fór det, for det vart dugeleg kaldt med dei var på vegen.

Då dei hadde fare ei rid, stana framandkaren skyssen og spurde um Køllstad-mannen kjende seg.

«Jau,» sa mannen, «de e no rå te å kjenne se i si eie bygd.»

Då var dei ova Køllstadbygde. Køllstad-mannen takka for skyssen, og so køyrde mannen vidare. Men um litt høyrde Køllstad-mannen ein fæl rammel. Han såg seg attende. Då vart det slege upp ei svær dør i Mella. Han såg ogso kost det lyste der. Då skjønte han kven som hadde vore skysskaren hans.

I gamle dagar gjekk ein av hovudvegane gjennom Valdres framurn Vindingstad og Istad og so åssida på skrå nordetter oppå øogåsen. Der kløyvde vegen seg i to greiner, ei gjekk ned til Lome og ei til Kvåle. Denne gamle rekslevegen heitte Kvamsvegen, og bygdi han fór gjennom når han kom ned i Vestre Slidre, var Kvamsherad.

Ein gong for lenge sidan fór det ei bryllupsferd nordetter Kvamsvegen. Ho skulle åt Kvamskyrkja (no Lomiskyrkja) og få vigt eit par. Men austi Hauga-Høvdae bodde det eit jutulpar. Det var ute og såg brudefylgjet fór. Då vart jutul og gyger samde um at dei skulde ta kaste kvar sin stein på bryllaupsferdi. Trollet kasta steinen sin på brudgommen og gygri sin etter brudi. Men dei tok nok for store steinar. Dei evla ikkje kasta dei meir enn halvveges. Den som trollet kasta, datt ned inn ved vestre landet i Heggjifjorde. Han har sidan heitt Skjeret. Steinen som gygri kasta, kom inn på landkanten ei 100 alner lenger nord. Han har sidan vorte kalla Brustein’n. Han er tå flisestein, 2-3 meter brei og 1 meter tjukk og 4 meter høg. Steinen står på enden ned i jordi. Den som ikkje er over¬truisk, kan jamen undre seg på kvar desse steinane er komne i frå. Du skulde ha moro tå sjå dei. —

— Det var mykje troll her i Øystre Slidre. Dei gamle her i Volbu tala um ein dei kalla Langbein Resin. Ein gong sette han seg på Svarthamarås’n til kvile. Den eine foten sette han ned i Slidrefjord’n og hin ned i Volbusfjord’n. Då sa han det:

«E vart brokevåt! Ho e djup Volbuskjelda!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *