Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad


Trøllre

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


«Men krøteri fekk og sjukdomar, trøllre, skot o. a. Har du høyrt noko um slikt?» spør eg.

Trøllre? Det var ei fæ1 krøtersjuke, det! For denne hadde dei ei merkeleg råd. Det galdt då å få tak i ein stakk som ei kjerring hadde fått ein gutunge i. Denne balla dei kring dyret som var sjukt. Då skulde det bli friskt att.

Eg hugsar vel han far hadde ein raud, fin hest. Ein dag vart han so sjuk tå trøllre. Alt me balla med han, so munte det kje noko. Me laut då prøve få tak i ein stakk som det var fødd ein gut i. No hugste me på at gamle Grøva nett hadde fått ein spræk gut. Ho måtte vel ha ein slik stakk! Ein tok då tanet ned i Grøv og fekk lånt ein. Me balla stakken kring hesten det beste me kunde. Men trur du det munte, då! Hesten daua, han!

For dyr som var klene tå trollre, brukte dei ogso ei onnor råd. Dei skar dei i rovesnippen eller øyretippen, so dei fekk ut blod.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *