Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Trollsjøar…

Ein gong var det ein finn som fiska i Anndølsvatnet. Han fekk ein brote fisk, og all fisken la han i ein sekk som han hadde med. So fekk han ein fisk som var mykje større enn nokon av dei han hadde fått fyrr. Finnen undra seg noko over dette; for han visste ikkje at det var so stor fisk i det vatnet. Men han la då den fisken og i sekken og tok so på heimveg. Då han hadde gått eit stykke, fekk han høyra so rar ein lyd bak seg, og då han såg seg attende, såg han at heile vatnet kom farande etter ‘åm. Då vart finnen so redd at han kasta sekken og la på sprang alt han orka. Dagen etter gjekk han dit att for å sjå etter fisken sin. Då fann han den tome sekken; men all fisken var burte. Sidan har det ikkje vore fisk å få i Anndølvatnet.

I Leirsjøen var det ikkje trygt å fiska. Det var fleire som hadde fortalt at sjøen kom etter og vilde ta dei, når dei var ferdige med fiskinga og gjekk derifra.

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.