Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Trollskap i Saud-sokn

Ein mann or Saud-sokn hadde ein gong vore ute i skogen og køyrt timber i maaneskinet. Han var ein hardhaus og paa ingen maate støkken um han saag eller høyrde eitkvart fæls-legt. Rett som han gjekk, fekk han høyra ein stygg laat. Det var eit byl og bur som lét paa alle vis. Mannen vart ikkje redd; men han saag seg ikring og tenkte paa kva han kunde gjera. Han bar paa ei øks og tenkte at kom han næme nog, so skulde han kløyva hovudet paa trollet. Men det kom ikkje noko troll, og kva det var som lét, det fekk han aldri vita.

Den same mannen var ein gong inne paa ein fjell-gard med nokre bukkar. Han hadde drengen med seg, og daa dei kom til garden, fann dei ikkje folk. Mannen tok bukkarne og leidde deim inn i forstova. Der inne fekk han sjaa ein stor hund som sat der med raude augo. Daa stokk mannen litt; han treiv i drengen og sa: «Sjaa der sit han Svarte-Eirik.»

Daa dei for heim att, gjekk dei yver isen, og daa dei var komne eit stykke ut-paa, saag mannen tvo store troll som stemn-de beint paa deim. Daa var det ei rid liksom han ingi raad visste; men daa han hadde tenkt seg um, kom han i hug at naar ein møtte sovore trollskap, skulde ein taka kufto av seg og draga ho etter seg. So gjorde dei det, og daa slapp dei framum; trolli gjorde deim inkje mein.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.